figur-far2.png

No kjem dei nye AMS målarane til Kvam!

I februar 2018 startar utrullinga av AMS målarane i Kvam Kraftverk sitt nettområde. Alle kundane våre skal ha fått nye straummålarar innan utgangen av året.

 

Eltel utfører målarskiftet

Montørar frå Eltel vil skifta dei fleste målarane for Kvam Kraftverk . Eltel vil i god tid før planlagt målarbyte informera deg om prosessen. Dei kjem med forslag til dato og eit oppsett tidsrom på to timar for skifte av målar. Dato og tidspunkt for målarskifte kan endrast om føreslått tidspunkt ikkje høver.

Uniformert med logo

Montørane skal ha legitimasjon som viser at dei arbeider for Kvam Kraftverk og Eltel, og på bilane er det godt merka kvar dei kjem frå.

Rask montering

Før du får besøk skal du enten ha fått eit brev, ein telefon eller e-post, som fortel at montøren er på veg. Der står datoen montøren kjem, og at kunden må vera heima i ein bestemt totimarsperiode. Eit vanleg målarskifte tek mellom 15 og 30 minutt. 

Nyheiter

Halve Noreg har fått smart straummålar

Målinger bekrefter at det er svak stråling frå smarte målarar