Kva er ein automatisk straummålar?

Ein automatisk straummålar er ein digital målar som registrerer straumforbruket ditt og sender resultatet til nettselskapet automatisk, så du slepp å lese av målaren sjølv. Det er ein boks som erstattar straummålaren du har i dag.

Kva kan ein automatisk straummålar gjere?

Målaren registrerer straumforbruket ditt kvar time og sender informasjonen til nettselskapet. Det sikrar at straumforbruket ditt blir rett målt. Målaren gjer det mogleg å lokalisere straumbrot hos deg, slik at vi får retta feilen raskare. I tillegg blir det lettare å følgje med på straumforbruket, og dermed blir det enklare å spare straum. Dersom du ønskjer det, kan målaren koplast opp mot energistyringssystem, som til dømes regulerer varmen og styrer varmtvasstank. Du bestemmer sjølv om du ønskjer å ta i bruk energistyring, og kan fritt velje leverandør av denne typen tilleggsutstyr.

Kven får ny automatisk straummålar?

Alle nettkundar, private hushald, fritidshus/hytter, burettslag, bedriftskundar og offentlege institusjonar i Noreg får ny automatisk straummålar innan 1. januar 2019.

Kvifor får eg ny straummålar?

Straumnettet i Noreg skal moderniserast, og nye automatiske straummålarar er eit viktig element når infrastrukturen skal utviklast. Med automatiske straummålarar får Noreg eit sikrare og meir fleksibelt straumnett, og behovet for å byggje ut nettet i framtida blir redusert.

Kven har bestemt at nettkundane skal få nye automatiske straummålarar?

Det er myndigheitene som har bestemt at alle straummålarane skal bytast ut med nye automatiske straummålarar. Dette er den største moderniseringa av straumnettet i Noreg på over 100 år.

Når kan eg få ny automatisk straummålar?

Du får ny straummålar innan 1. januar 2019. Vi begynner å installere dei første straummålarane hausten 2016. Detaljert oversikt for dei ulike montasjeområda vil liggje føre på eit seinare tidspunkt. Du får informasjon i god tid før vi kjem og byter målaren din.

Kva må eg gjere for å få ny straummålar?

Du får informasjon frå nettselskapet ditt i god tid før målaren din skal bytast. Det einaste du må gjere, er å vere til stades når montøren kjem for å installere den nye målaren.

Må eg byte målar?

Myndigheitene har bestemt at alle nettkundar skal få nye automatiske straummålarar. Det har fleire fordelar for deg som kunde.

Kva er fordelane med ein automatisk straummålar?

  • Det er enklare for deg, for du slepp å lese av straumen.
  • Det er tryggare for deg, for nettselskapet får betre informasjon ved straumbrot og kan rette feil raskare.
  • Du får betre og meir detaljert oversikt over straumforbruket ditt.
  • Målaren registrerer kontinuerleg straumforbruket ditt og kan om ønskjeleg koplast opp mot energistyringssystem. Du står fritt til å velje leverandør av denne typen tilleggsutstyr.

Er det plass til den nye målaren i sikringsskapet mitt?

Dei fleste har plass til den nye målaren i sikringsskapet. Ved plassmangel vil montøren finne ei alternativ løysing. Det kjem ikkje til å koste deg noko ekstra.

Må eg betale for den nye målaren og for å få installert han?

Du får ingen faktura for installasjon av den nye automatiske straummålaren. Denne oppgraderinga er ein del av det du betaler for gjennom nettleiga, på same måte som anna utbygging og vedlikehald av straumnettet.

Er det fare for at uvedkommande kan få tilgang til måleverdiane frå dei automatiske straummålarane?

Faren for at uvedkommande skal «hacke» seg inn på systemet ved automatisk målaravlesing, er ikkje større enn risikoen for at nokon skal ta seg ulovleg inn i nettbanken din. Saman med myndigheitene skal vi sørgje for å sikre utstyret best mogleg mot «cyberangrep» og misbruk av personvernet. Her vil vi leggje stor vekt på råda frå Datatilsynet. Vi følgjer utviklinga nøye og skal sjå til at datatryggleiken er best mogleg vareteken i det nye systemet.

Eg har allereie ein automatisk straummålar, må eg byte målar?

Nokre få av kundane våre har automatiske straummålarar. Dei nye målarane har ein meir avansert teknologi og vil erstatte eldre målarar. Derfor får alle nye målarar.

 Kva betyr AMS?

Dei nye straummålarane blir av og til kalla AMS. AMS er ei forkorting for avanserte måle- og styringssystem. I kundekommunikasjonen vår bruker vi utrykket automatiske straummålarar.

Kva må eg som kunde bidra med for at de skal få kontakt med meg?

For at vi skal kunne nå deg med viktig informasjon og kunne avtale tidspunkt for å byte straummålar hos deg, er det svært viktig at vi har rett telefonnummer, mobilnummer og e-postadresse. Gå inn på MiSide for å kontrollere og oppdatere desse opplysningane.

Korleis vil de overføra målardata?

Det er ein radiosendar i målaren som sender verdiar til mottakar hjå nettselskapa på fastsette tidspunkt. Dei fleste målarane vil sende på radiofrekvensar som er avsette til dette. I nokre område vil me bruka mobilnettet.

Kven skal montera dei nye målarane?

Nettselskapet leiger inn personell som skal montera dei fleste målarane. I nettområdet vårt er det Eltel som skal utføra jobben. Montøren skal visa legitimasjon. Du vil verta opplyst om tidspunktet for monteringa i god tid før målaren skal bytast ut. Du kan få ny avtale dersom tidspunktet ikkje passar.

Eg har gamle skrusikringar. Må eg byta til automatsikringar for å få automatisk straummålar, eller byter nettselskapet til automatsikringar når dei byter målar?

Nettselskapet byter berre straummålaren. Sikringstypen (automatsikring eller skrusikring) har ikkje noko å seia for byting av målaren.

Sikringane er ein del av det interne elektriske anlegget i bustaden og kunden sin eigedom. Dersom kunden ynskjer å byta til automatsikringar, må han/ho ta kontakt med ein elekttrikar og koste byte til automatsikringar sjølv, men som sagt er det ikkje naudsynt å byte sikringar for å få automatisk straummålar