Tilknytingsvilkår

Standard tilknytingsvilkår – Privatkundar

Vilkåra er landsomfattande og gjeld frå 01.01.2007

§ 1 GENERELT

Standard tilknytingsvilkår regulerer forholdet mellom nettselskapet og eigaren av den elektriske installasjonen som vert knytt til distribusjonsnettet. Bruk av distribusjonsnettet til uttak av kraft er regulert av standard nettleigeavtale mellom nettselskapet og brukar (nettkunde).

Tilknyting av ein elektrisk installasjon kan også innverke på forholdet til ein grunneigar eller andre som disponerer rettar over ein eigedom utan at desse er identiske med installasjonseigar. Forholdet mellom nettselskapet og desse er også regulert av standard tilknytingsvilkår, når dette går fram av den enkelte paragraf.

Ansvarsforholdet mellom nettselskapet og nettkundar er omtala i standard nettleieavtale. Dei same prinsippa gjeld så langt dei passar også for forhold som er regulerte i standard tilknytingsvilkår. Nokre hovudprinsipp er gitt i § 8. For å få ei fyldigare forståing av ansvarsforholdet, vert det vist til standard nettleigeavtale.

§ 2 TINGING OG GODKJENNING AV TILKNYTING
§ 2 – 1 Avtaleforholdet og tilknytingsvilkår

Avtaleforholdet omfattar desse standard tilknytingsvilkåra og dei føresetnadene som er lagt til grunn for tilknytinga. Dersom føresetnadene for tilknyting av ein installasjon blir vesentleg endra, kan nettselskapet krevje å få dekt kostnader knytt til drift og vedlikehald og som ikkje vert dekt av nettleiga.

§ 2 – 2 Tinging av tilknyting

Tinging av tilknyting bør skje på høveleg skjema og så tidleg som råd i planfasen. Den som tingar tilknyting av ein elektrisk installasjon, må mellom anna gi følgjande informasjon:

  • om tinginga gjeld permanent eller mellombels tilknyting
  • om tinginga gjeld ny installasjon eller endra installasjon som medfører behov for endring i tilknytingspunktet.
  • installasjonseigar sitt fullstendige namn
  • installasjonseigar sitt føretaksnr/fødselsdato/bustadsadresse/næringsadresse
  • installasjons - /anleggsadresse
  • forslag til energi- og effektbudsjett
  • installasjonen sitt bruksføremål
  • plassering av målepunkt/overbelastningsvern

§ 2 – 3 Stadfesting av tinging

Nettselskapet melder skriftleg til installasjonseigar eller representanten hans om tinginga er godkjend med dei innmelde data, eller om det krevst ytterlegare informasjon. Eventuell nekting skal vere sakleg og med skriftleg grunngjeving. Saman med nettselskapet si tilbakemelding til installasjonseigar skal vedleggast eit eksemplar av desse standard tilknytingsvilkåra.

§ 2 – 4 Føresetnader for tilknyting

Ein elektrisk installasjon blir tilknytt nettselskapet sitt distribusjonsnett med dei føresetnader som er gitt i nettselskapet si tilbakemelding til installasjonseigar og med dei rettar og plikter som følgjer av desse standard tilknytingsvilkåra, og dei til ei kvar tid gjeldande lover og forskrifter.

For dimensjonering av tilknytinga legg ein til grunn eit energi- og effektbudsjett det er semje om.

Føresetnadene for tilknytinga skal dokumenterast i eit eige vedlegg til desse standardvilkåra og kan tinglysast for nettselskapet sin kostnad. Vedlegget kan innehalde følgjande informasjon:

  • utforming av tilknytingspunktet
  • ansvar for drift og vedlikehald av stikkleidning
  • energi og effektbudsjett
  • gjensidig rett til etterrekning av anleggsbidrag
  • installasjonen sitt bruksformål
  • plassering av målepunkt/overbelastningsvern

§ 2 - 5 Overdraging av elektrisk installasjon

Dersom ein elektrisk installasjon skiftar eigar etter tilknyting, går ny eigar inn i same rettane og pliktene som opphavleg eigar. Melding om ny installasjonseigar skal sendast nettselskapet.
Ved overdraging av eigarskap til ein elektrisk installasjon som er knytt til nettselskapet sitt fordelingsnett, skal eigar informere den nye eigaren om rettar og plikter som er avtalt mellom partane.

§ 2 – 6 Drift og vedlikehald av installasjonar

Installasjonseigar er ansvarleg for å bygge, drive og vedlikehalde installasjon sin i samsvar med dei til ei kvar tid gjeldande forskrifter. Oppstår det feil på installasjonen, skal installasjonseigar straks melde frå til autorisert elentreprenør/nettselskap og sørge for at nødvendig utbetring/feilretting vert gjort.

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB)/det lokale eltilsynet har i samsvar med gjeldande lover og forskrifter rett til utvida tilgang til alle installasjonar til anleggseigar/brukar.

§ 2 – 7 Tolking av tilknytingsvilkåra

Ved tvil om forståing av omgrep og uttrykk som er brukte i desse vilkåra, skal definisjonane i vedlagde definisjonsliste leggast til grunn. Dette med mindre noko anna er sagt i eller går fram av samanhengen i desse vilkåra.

§ 2 – 8 Personopplysningar

Ved avtale om standard tilknytingsvilkår kan nettselskapet krevje identifikasjon av nettkunden med opplysningar om nettkunden sitt fullstendige namn, fødselsdato/føretaksnummer, noverande og tidlegare bustads-/næringsadresse, m.m.

Nettselskapet har også rett til å krevje opplysningar om forbruksdata, også opplysningar om anlegget heilt eller delvis er tenkt brukt til bustad-, fritids- eller næringsføremål. Dersom anlegget hovudsakleg vert brukt til næringsverksemd, kan nettselskapet krevje at det blir inngått eigen avtale for næringsverksemda.

Nettselskapet skal ikkje utlevere personopplysningar knytt til anleggseigar eller nokon i husstanden hans til utanforståande, unnateke når utlevering av opplysningar skjer
a) med samtykkje frå den opplysninga gjeld
b) med heimel i lov, eller i forskrift gitt med heimel i lov eller
c) som ledd i betalingsinnkrevjing m.m. der det ligg føre sakleg grunn

Nettselskapet og anleggseigar og deira tilsette og andre hjelparar, har på same vis plikt til å teie overfor uvedkomande om det dei får vite om kvarandre sine drifts- og forretningsforhold m.m.

§ 3 FRAMFØRING OG PLASSERING AV DISTRIBUSJONSNETT
§ 3 – 1 Tileigning av rettar til grunn for leidningsframføring

Nettselskapet tileignar seg rettar til framføring av og tilgang til lavspennings distribusjonsnett. Det blir ikkje betalt vederlag for slike rettar, unnateke eventuelt for rett til plassering av nettstasjon.

§ 3 – 2 Nettrasé og plassering av nødvendig utstyr

Ved framføring av distribusjonsnett har grunneigar/festar på førehand rett til å uttale seg om nettrasé og plassering av nødvendig utstyr. Nettselskapet skal sjå til at plassering og utforming av nettet i så liten grad som råd fører til ulemper for grunneigar/festar. Elles viser ein til "Lov om rettstilhøve mellom grannar" av 16. juni 1961 nr. 15 og "Plan og bygningsloven" av 14. juni 1985 nr. 77. Når nettselskapet brukar nett/trasè til anna enn energioverføring, skal dette skje utan unødvendig ulempe for grunneigar/festar og installasjonseigar.

§ 3 – 3 Framføring av distribusjonsnett/stikkleidning til installasjonseigar sitt eige bruk

Nettselskapet avgjer plassering og korleis stikkleidninga skal framførast. Det same gjeld for stikkleidninga sin art og dimensjon.

Grunneigar/festar skal utan vederlag eller erstatning gi tilgang til framføring av nødvendig distribusjonsnett og/eller stikkleidning for tilknyting av eigen installasjon. Framføringa skal skje til minst mogleg ulempe for grunneigar/festar. På førehand påviser nettselskapet, så langt det let seg gjere, leidningstrasé, plassering av stolpar og anna utstyr for grunneigar/festar. Grunneigaren har ikkje krav på erstatning for skadar og ulemper som stikkleidninga kan medføre, unnateke ved aktløyse frå nettselskapet si side.

Nettselskapet har rett til å framføre og vedlikehalde distribusjonsnettet. Det same gjeld andre som har rett til å nytte leidningstraséen. Framføring og vedlikehald skal skje til minst mogleg ulempe for grunneigar/festar.

§ 3 – 4 Framføring av distribusjonsnett /stikkleidning til andre

Nettselskapet har rett til å legge luftleidning eller jordkabel, som distribusjonsnett eller stikkleidning, over grunn som ein installasjonseigar eig eller festar, fram til andre installasjonseigarar. Framføringa skjer som regel utan vederlag, men installasjonseigar har på førehand rett til å uttale seg om leidningstrasé og plassering av stolpar og anna utstyr. Distribusjonsnettet og arbeidet med dette skal føre til så lite ulemper som råd for grunneigar eller festar.

§ 3 – 5 Plassering av nettstasjonar

Ved tilknyting av større installasjonar har nettselskapet rett til å krevje avstått rom i bygning eller på tomt til nettstasjon(ar). Plassen som vert stilt til rådvelde, skal på førehand vere godkjend av nettselskapet. Vederlag vert til vanleg fastsett som ein eingongssum og storleiken blir avtalt mellom partane eller etter rettsleg skjøn. Nettselskapet kan utan ytterlegare godtgjersle føre leidningar ut fra nettstasjonen for å knyte til andre elektriske installasjonar. Dette skal skje med minst mogleg ulempe for grunneigar/festar.

§ 3 – 6 Tilgang til distribusjonsnett og installasjon

Installasjonseigar skal gi nettselskapet, og andre som nyttar leidningsnettet, uhindra tilgang til eigedommen for vedlikehald og drift av nettet og tilknytingspunktet. Nettselskapet kan etter førehandsvarsel til grunneigar gjere nødvendig kvisting og rydding av tre ut frå sikringsomsyn og for å hindre skade på leidningane. Inngrep skal skje med minst mogleg ulempe for grunneigar/festar. Nettselskapet skal ha uhindra tilgang til nettstasjonar, også når desse er plassert i installasjonseigar sitt bygg.

§ 3 – 7 Bruk av arbeidsmaskinar nær leidningsnett

Bruk av arbeidsreidskap nær, ved og under leidningsanlegg skal berre skje etter tilvising frå nettselskapet slik at ulukker og skade på personar, leidningsanlegg og anna materiell kan unngåast. Ved bruk av anleggsreidskap nærare høgspenningsanlegg enn 30 m, skal nettselskapet kontaktast så tidleg som råd før arbeidet startar. Nettselskapet vil gi rettleidning om sikring av arbeidet og påvise minste sikre avstand til leidningsanlegget under arbeidet. Dersom sikringsarbeidet medfører urimelege meirkostnader for nettselskapet, kan nettselskapet krevje desse dekt av den som står for arbeidet.

§ 3 – 8 Grunneigar/festar si informasjonsplikt

Grunneigar/festar har plikt til å informere nettselskapet på førehand når det skal gjerast gravearbeid, oppfylling eller annan endring av terrenget, sprenging, veibygging, felling av tre eller andre arbeid som kan skade eller på annan måte ha innverkand på netteigar sitt distribusjonsnett. Informasjon skal skje så tidleg at nødvendige tiltak kan setjast i verk. Dersom tiltaka fører til urimelege meirkostnader for nettselskapet, kan nettselskapet krevje desse dekt av den som står for arbeidet.

§ 3 – 9 Skade på nettselskapet sin eigedom

Nettselskapet kan krevje erstatning for skade ein installasjonseigar er årsak til på nettselskapet sin eigedom ved forsett eller aktløyse. Dersom nettselskapet ikkje blir varsla i tilfelle som nemnt i § 3-7 og § 3-8, eller varsla så seint at nettselskapet ikkje kan overhalde rettleiingsplikta, vil det til vanleg bli sett på som aktløyse.

§ 3 – 10 Flytting eller fjerning av leidningar/nett

Dersom det som følgje av offentlege påbod, eller etter grunneigar sitt behov er nødvendig, kan det krevjast flytting, forandring eller fjerning av stikkleidning eller lavspenningsnett. Tilsvarande kan berre unntaksvis krevast for høgspennings fordelingsnett. Nettselskapet utfører normalt arbeidet med flytting, forandring eller fjerning av stikkleidning eller lavspenningsnett for rekvirenten si rekning.

Nettselskapet utfører flytting, endring eller fjerning av høgspenningsanlegg på privat eigedom for rekvirenten si rekning, dersom ikkje annan avtale er inngått.

Nettselskapet kan fjerne stikkleidninga og den delen av distribusjonsnettet som forsyner ein installasjon/anlegg som har vore utan nettleigekunde i minst 3 år. Før slik fjerning finn stad, skal nettselskapet skriftleg varsle installasjonseigar. Dersom nettselskapet ikkje mottek stadfesting av at ein vil  oppretthalde tilknytinga innen ein måned, kan nettselskapet fjerne dei aktuelle nettdelane.

§ 4 TILKNYTING
§ 4 – 1 Tilknytingspunktet

Tilknytingspunktet markerer overgangen mellom nettselskapet sitt distribusjonsnett og den elektriske installasjonen og gjev grensa for eigedomsforhold og ansvar for drift og vedlikehald.

Tilknytingspunktet kan vere definert som:

  • det punktet i distribusjonsnettet der stikkleidninga er tilknytt, eller
  • tilkoblingsklemme på husvegg eller grunnmur for kabel eller luftnett

I det siste tilfellet blir stikkleidning ein del av nettselskapet sitt distribusjonsnett. Tilknytinga vert gjort etter nettselskapet sin standard for området. Installasjonen vert knytt til distribusjonsnettet med avtalt spenningsnivå. Tilknytingspunktet er vist på skjemaet ”Melding om installasjonsarbeid” eller eit anna skjema.

Dersom stikkleidninga er ein del av nettselskapet sitt distribusjonsnett, avgjer nettselskapet korleis stikkleidninga skal førast fram, plasserast og art og dimensjon til leidninga. Framføring av stikkleidning vert gjort i samråd med installasjonseigar/grunneigar og skal vere han til minst mogleg ulempe. Nettselskapet fører som regel fram berre ei stikkleidning til kvar installasjon. Det kan ikkje krevjast erstatning for ulemper som stikkleidninga seinare kan medføre, unnateke ved aktløyse frå nettselskapet si side.

§ 4 – 2 Fysisk tilknyting

Tilknytinga skal skje så snart som praktisk råd etter at installasjonen er meld ferdig, eller etter nærare avtale. Ingen andre enn nettselskapet, eller ein representant for selskapet, har høve til å knyte ein installasjon til distribusjonsnettet. Urettmessig tilknyting av ein installasjon fører til erstatningsansvar og kan medføre straffeansvar.

§ 4 – 3 Annan utføring

Dersom installasjonseigar ønskjer tilknytinga utført på ein annan måte enn nettselskapet sin standard for området, kan nettselskapet utføre arbeidet etter tinging og krevje eventuelle meirkostnader dekt av installasjonseigar. Etter avtale mellom installasjonseigar og nettselskapet kan arbeidet i tilknytingspunktet utførast av ein tredje part som må godkjennast av nettselskapet.

§ 4 – 4 Mellombels tilknyting

Mellombels tilknyting av ein installasjon til nettselskapet sitt distribusjonsnett vert utført etter tinging frå installasjonseigar. Tinginga skjer på same måten som for permanent tilknyting. Framføring, montering, demontering og eventuelt vedlikehald av mellombels låg-/høgspennings distribusjonsnett skal betalast av tingar før arbeidet vert sett i gang. Ved mellombels tilknyting kan nettselskapet og installasjonseigar inngå avtale om at arbeidet i tilknytingspunktet vert utført av ein tredje part som må godkjennast av nettselskapet. Før spenninga vert sett på, skal nettselskapet synfare og godkjenne arbeidet.

§ 4 – 5 Tilknytingsgebyr

Nettselskapet kan i samsvar med offentlege forskrifter fastsette at det ved nye tilknytingar eller ved oppdimensjonering av ei eksisterande tilknyting skal etalast eit tilknytingsgebyr. Gebyret skal vere generelt og leggast på alle nye tilknytingar i nettet. Gebyret kan differensierast etter overbelastningsvern (sikringsstorleik).

§ 4 – 6 Endra systemspenning

Nettselskapet har rett til å endre systemspenninga. I så fall skal nettselskapet bere kostnaden med nødvendig omlegging av installasjonar. For eventuell ytterlegare oppgradering av installasjonar ber installasjonseigar kostnaden.

§ 5 ANLEGGSBIDRAG

Anleggsbidrag vert utrekna etter gjeldande forskrifter. Nettselskapa kan fastsette eit anleggsbidrag for å dekkje anleggskostnadene ved nye nettilknytingar eller ved forsterkning av nettet til eksisterande kundar.

Anleggsbidrag ved forsterkning av ei tilknyting kan reknast når kunden krev auka kapasitet eller kvalitet som utløyser behov for forsterkning. Anleggsbidraget skal reknast ut frå kostnadene som følgjer av kunden si tilknyting til nettet. Anleggsbidrag skal fastsettast uavhengig av kunden sitt venta energiuttak og kan maksimalt setjast til anleggskostnad for anlegget minus tilknytingsgebyr. Anleggskostnad set ein lik nødvendige kostnader ved tilknytinga eller forsterkningen, inklusive timeverk for personell, maskiner og utstyr.

Nettselskapet skal på førehand informere kunden om innkrevjing av, og utrekningsgrunnlaget for, anleggsbidraget.

Anleggsbidraget kan krevjast inn før arbeidet startar. Ved eventuell avtale om betaling på eit seinare tidspunkt, kan det krevjast garanti som sikring for anleggsbidraget.

Nettselskapet kan fordele anleggsbidraget mellom kundar som blir tilknytt på det tidspunktet anlegget er ferdig, og kundar som blir tilknytt på eit seinare tidspunkt, men seinast innan ti år etter at anlegget er ferdig. Fordelinga kan skje i form av ei etterutrekning av anleggsbidraget når nye kundar blir tilknytt, eller ved at nettselskapet forskoterer investeringskostnadene og fastset anleggsbidraget andelsvis for de kundar som etter kvart blir knytt til nettet.

Permanent distribusjonsnett/stikkleidning som er bygt eller forsterka i samband med tilknyting fram til tilknytingspunktet, er normalt e-verket sin eigedom og nettselskapet har drifts- og vedlikehaldsplikt. Dette gjelder også dersom distribusjonsnett/stikkleidning er heilt eller delvis finansiert ved anleggsbidrag.

Plassering av målepunkt skal avtalast i samband med tinging av tilknyting. Normalt skal ein installasjon ha eitt (1) målepunkt som vert plassert så nært tilknytingspunktet som råd. Plassering av målepunktet skal vere godkjent av nettselskapet, og nettselskapet kan krevje at måleutstyret vert plassert utandørs i låst skap og/eller vere avlesbart utanfrå. Nettselskapet skal ha uhindra tilgang til måleutstyret.

Ved tilknyting monterer nettselskapet eller deira representant måleutstyr for avrekning av nettleie og kraftkjøp. Nettselskapet fastset storleik og type måleutstyr og eventuelle kontrollapparat, eig desse og utfører nødvendig vedlikehald.

Installasjonseigar kan ikkje ta i bruk ein installasjon før måleutstyret er montert, eller det er gjort annan avtale med nettselskapet. Dersom det er utført arbeid i målepunktet av installasjonseigar sin representant og arbeidet ikkje er i samsvar med nettselskapet sine krav, kan tilknyting utsetjast til forholdet er ordna.

§ 7 FRÅKOBLING OG TILKOBLING AV INSTALLASJONEN

Fråkobling og tilkobling kan berre utførast av nettselskapet eller deira representant. Nettselskapet er ikkje ansvarleg for skade eller tap ved frå- eller tilkoplingar som er heimla i denne avtalen.

§ 7 – 1 Fråkobling utan nærare varsel

Nettselskapet koblar frå installasjonen utan nærare varsel dersom:

  • installasjonen er farleg
  • installasjonen treng utbedring straks
  • bruk kan føre til skade eller ulemper for nettkunden, nettselskapet eller andre

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) /det lokale eltilsynet kan etter Forskrift om elektriske lavspenningsanlegg fastsett av Produkt og Elektrisitetstilsynet med heimel i lov om tilsyn med elektriske anlegg og elektrisk utstyr § 2, koble ut eit anlegg som er i strid med forskrifta dersom pålegg om utbetring av manglar ved installasjonen ikkje er gjort til avtalt tid, eller dersom det ikkje vert brukt godkjende apparat.

§ 7 – 2 Fråkobling etter nærare varsel

Nettselskapet kan koble frå ein installasjon etter nærare varsel dersom fråkoblinga er nødvendig av omsyn til ettersyn, vedlikehald eller utviding av nettselskapet eller andre nettkundar sine installasjonar.

Nettselskapet skal, så langt det er råd, varsle nettkunden direkte eller på annan eigna måte om fråkoblinga. I den utstrekning det er råd, skal fråkoblinga leggast til tider som er til minst ulempe for nettkunden og nettselskapet.

Varsel om fråkobling medfører ingen plikt for nettselskapet til å koble frå anlegget i heile eller deler av det varsla tidsrommet.

§ 8 ANSVARSFORHOLD
§ 8 – 1 Nettkunden sine krav ved manglar

Dersom det ligg føre ein mangel og dette ikkje skyldast nettkunden eller forhold på nettkunden si side, kan nettkunden

  • halde tilbake betaling for å dekkje krav som følgje av mangelen, men ikkje openberrt meir enn det som vil gi ei trygg sikring for kravet.
  • krevje erstatning for tap som følgje av mangelen.
  • krevje prisavslag

Det vert elles vist til nettleigeavtalen § 12.

§ 8-2 Nettselskapet sitt erstatningsansvar

Nettselskapet er ansvarleg for tap nettkunden får som følgje av manglar ved ytinga. Dette gjeld likevel ikkje så langt nettselskapet godtgjer at mangelen skuldast årsaker utanfor selskapet sin kontroll, og som det ikkje er rimeleg å vente at selskapet vurderte med sikte på å unngå eller overvinne følgjene av på avtaletidspunktet.

Skuldast mangelen ein tredjeperson som nettselskapet har gitt i oppdrag heilt eller delvis å oppfylle tilknytingsvilkåra, er nettselskapet fri for ansvar berre dersom også tredjepersonen ville vore friteken etter regelen i første ledd. Det same gjeld om mangelen skuldast ein leverandør som nettselskapet har brukt, eller nokon annan i tidlegare salsledd.

Ansvarsfridom gjeld så lenge hindringa er til stades. Fell hindringa bort, kan ansvar gjerast gjeldande dersom nettselskapet då pliktar å oppfylle, men ikkje gjer dette.

Det vert elles vist til nettleigeavtalen § 13.

§ 8 – 3 Installasjonseigar sin medverknad

Dersom installasjonseigar eller representanten hans har medverka til skaden eller tapet ved eiga skuld, kan nettselskapet sitt ansvar setjast ned eller falle bort, jfr. skadeserstatningslova § 5-1.

§ 8 – 4 Personskade

Ansvar for personskade er ikkje regulert av desse standardvilkåra. Det vert vist til allmenne erstatningsrettslege reglar.

§ 9 ENDRING AV TILKNYTINGSVILKÅR
§ 9 – 1 Endring av standard tilknytingsvilkår

Kunngjering om endring i desse standard tilknytingsvilkåra blir gitt som direkte melding til installasjonseigar eller på annan eigna måte. Endring av standard tilknytingsvilkår vil ikkje bli gjort gjeldande før vedtaksfør instans har gjort endeleg vedtak, og tidlegast 14 dagar etter at kunngjering er gjort. Endringar i standard tilknytingsvilkår må skje etter samråd med Forbrukarombodet.

§ 9 – 2 Endring av særskilt avtalte tilknytingsvilkår

Særskilt avtalte tilknytingsvilkår står partane fritt til å endre etter avtale.

§ 10 TVISTAR

Usemje om vilkår for tilknyting og bruk av nettet kan føreleggast Norges vassdrags- og energidirektorat, som då vil gjere vedtak i saka.

Tvistar vedkomande standard tilknytingsvilkår kan elles føreleggast Elklagenemnda, eller bringast inn for domstolane. Så lenge ein tvist er til handsaming i nemnda, kan ikkje ein part bringe saka inn for dei alminnelege domstolane. Ein tvist er rekna for å vere til handsaming frå det tidspunktet krav om klagebehandling er kome inn for nemnda. Ei sak som nemnda har realitetsbehandla, kan bringast direkte inn for tingretten.