Nettleigeavtale

Standard nettleigeavtale  -  Privatkundar

Avtalen er landsomfattande og gjeld frå 01.01.2007.

§ 1     PARTANE I NETTLEIGEAVTALEN

Nettleigeavtale vert inngått direkte mellom nettselskapet som leverandør av nettenester og nettkunden som brukar av nettenester.

Nettselskapet kan overlate til tredjepart å utføre tenester i samsvar med forskrifter til energilova frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Ektefellar heftar for felles opparbeidd gjeld i samsvar med ekteskapslova § 41.

§ 2     AVTALEFORHOLDET OG AVTALE OM NETTLEIGE

Overføring av elektrisk energi frå nettselskap til forbrukar er regulert av forbrukarkjøpslova. Ved motstrid mellom denne nettleigeavtalen og forbrukarkjøpslova sine reglar, skal lova sine reglar gå først. Dette gjeld likevel berre dersom nettleigeavtalen sine reglar kan seiast å stille forbrukaren dårlegare enn det som følgjer av forbrukarkjøpslova.

Standard nettleigeavtale skal inngåast skriftleg etter tinging frå kunden. Etter motteken tinging sender nettselskapet nettkunden to eksemplar av nettleigeavtalen med vedlagde tilknytingsvilkår, og bed om at eitt underskrive eksemplar av nettleigeavtalen vert returnert.

Dersom uttak av kraft skjer utan at gyldig nettleigeavtale ligg føre, føreset ein at brukaren har godteke og er omfatta av nettselskapet sine vilkår for nettleige. Dersom gyldig kraftleveringsavtale ikkje ligg føre, føreset ein at brukaren har godteke og er omfatta av nettselskapet sine vilkår for levering av kraft i samsvar med reglane om leveringsplikt.

Ved tvil om forståing av omgrep og uttrykk som er brukte i denne avtalen, skal definisjonane i vedlagde definisjonsliste leggast til grunn. Dette med mindre noko anna er sagt i eller går fram av samanhengen i denne avtalen.

§ 3      PERSONOPPLYSNINGAR

Ved inngåing av standard nettleigeavtale kan nettselskapet krevje identifikasjon av nettkunden, med opplysningar om nettkunden sitt fulle namn, fødselsdato/føretaksnummer, noverande og tidlegare bustad-/næringsadresse, m.v.

Nettselskapet har også rett til å krevje opplysningar om forbruksdata, m.a. opplysningar om anlegget heilt eller delvis er tenkt brukt til bustad-, fritids- eller næringsformål. Dersom anlegget hovudsakleg vert brukt til næringsverksemd, kan nettselskapet krevje at det inngått eigen avtale for næringsverksemda.

§ 4     VERKEOMRÅDE OG FØRESETNADER I NETTLEIGEAVTALEN
§ 4-1    VERKEOMRÅDE

Nettleigeavtalen omfattar vilkår for bruk av nettet til uttak av kraft. Nettselskapet stiller overføringskapasitet i det elektriske nettet sitt til disposisjon for nettkunden på dei vilkår som følgjer av standard nettleigeavtale og gjeldande tariffar, og lover og forskrifter som måtte ha innverknad på forholdet mellom nettselskapet og nettkunden.
Annan bruk av nettet, t.d. signaloverføring, kan berre skje etter skriftleg avtale med nettselskapet.

§ 4-2    Føresetnader i nettleigeavtalen

Nettselskapet har som hovudregel ei plikt til å gi alle tilgang til nettet (tilknytingsplikt). Tilknytinga skjer i samsvar med lov og forskrifter og nettselskapet sine tilknytingsvilkår. Ønskjer kunden endra tilknytingsvilkår, tek ein dette opp med nettselskapet. Nettselskapet sine plikter etter forskriftene vedkomande informasjon og endring av tariffar, gjeld også tilknytingsvilkår og endringar i desse.

Nettet skal tåle vanleg bruk av godkjent utstyr frå nettkunden, inkludert bruk av ny teknologi /utstyr som er vanleg i bruk i hushaldningar. Dersom nettkunden ønskjer å kople til anna utstyr som krev større effektuttak, eller som vil kunne vere til sjenanse eller skade for den tekniske drifta av nettet, for nettselskapet eller andre nettkundar, skal bruken av slikt utstyr godkjennast av nettselskapet før tilkopling.

Det er ein føresetnad at nettkunden sin bruk av nettet ikkje verkar forstyrrande for andre nettkundar eller den tekniske drifta av nettet. Som forstyrrande bruk av nettet vert rekna mellom anna forhold i kunden sitt anlegg som medfører avvik i dei krava til leveringskvalitet nettselskapet er forplikta på etter statens regelverk, jf mellom anna forskrift om leveringskvalitet i kraftsystemet.

Nettkunden skal utan ugrunna opphald varsle nettselskapet om hendingar i eige anlegg eller eige utstyr dersom hendingane kan føre til at nettselskapet får problem med å kunne oppfylle pliktene sine om leveringskvalitet, jf forskrift om leveringskvalitet i kraftsystemet.

§ 4-3     Redusert overføring i nettet

Dersom nettselskapet som følgje av uventa hendingar i overliggande nett, rasjonering eller offentlege pålegg må redusere kraftoverføringa i nettet, fastset nettselskapet i samsvar med gjeldande lovverk korleis tilgjengeleg overføringskapasitet i slike tilfelle skal disponerast til beste for heile konsesjonsområdet.

§ 5     MÅLING OG MÅLARAVLESING
§ 5-1    Installasjon og drift av måleutstyr

Nettselskapet fastset type måleutstyr, eig måleutstyret og har ansvaret for installasjon, drift og kontroll av dette. Dersom nettkunden ønskjer installert eige måleutstyr i tillegg, skjer dette for eiga rekning og etter skriftleg avtale med nettselskapet. Utstyret og plasseringa av det må vere godkjent på førehand av nettselskapet.

§ 5-2    Målaravlesing

Målaravlesing vert gjennomførts i samsvar med nettselskapet sine rutinar og gjeldande forskrifter.

Ved sjølvavlesing skal kunden så langt det er råd lese av og melde til nettselskapet i samsvar med dei fristane som er oppgjevne av nettselskapet.

Dersom målaravlesing mangler, har nettselskapet rett til å fastsette nettkunden sitt uttak skjønsmessig. Dersom nettselskapet mottek målarstand etter fastsett frist, tek ein omsyn til denne ved første påfølgjande avrekning. Nettselskapet pliktar å sjå til at alle målepunkta er avlesne minst ein gong i kalendaråret og ved leverandørskifte/opphøyr av kraftleveranse med mindre dette medfører urimeleg kostnad eller ulempe for nettselskapet.

Målaravlesing skal også gjennomførast ved leverandørskifte og ved opphøyr av leveranse.

§ 5-3    Kontroll av måleutstyr

Begge parter kan når som helst krevje kontroll  av nettselskapet sitt måleutstyr. Dersom det er råd, skal kontrollen gjennomførast som seriemåling. Som ein del av denne kontrollen utfører nettselskapet også rutinemessig kontroll for å fastslå om påståtte feil kan skuldast jordfeil, feilkoplingar m.m. Den rutinemessige kontrollen omfatter ikkje kontroll i kunden sitt eige anlegg. Kunden er sjølv ansvarleg for kontroll, ettersyn og vedlikehald av dette anlegget.

Dersom det vert forlanga ytterlegare kontroll av utstyret, skjer dette av eit laboratorium som er godkjent/ akkreditert av Justervesenet. Laboratoria skal vere uavhengige av dei som har ansvar for å ta avgjerder som er basert på testresultata.

Den som forlangar måleutstyret kontrollert, dekkjer kostnadene ved kontrollen. Dersom kontrollen viser måleavvik større enn det som er tillate etter forskrift om krav til elektrisitetsmålarar til sals og forskrift om elektrisitetsmålarar under bruk, skal nettselskapet koste kontrollen.

§ 5-4    Feil ved måleutstyr

Dersom eit måleapparat ved kontroll viser meir eller mindre enn det verkelege forbruket, eller dersom måleapparatet ikkje har verke, kan nettselskapet stipulere forbruket. I den grad det er råd, reknar ein forbruket på grunnlag av anlegget sitt tidlegere normale forbruk eller på basis av nye kontrollmålingar i ein tilsvarande periode. Dette gjeld ikkje dersom nettkunden kan sannsynleggjere at forbruket i den aktuelle perioden har vore lågare, eller dersom nettselskapet kan sannsynleggjere eit større forbruk.

Nettkunden blir belasta eller godskriven for den summen som svarar til differansen mellom det stipulerte forbruket og det målte forbruket for den tida målarfeilen kan ettervisast. Resultatet av målekontrollen skal gjerast tilgjengeleg for begge partar.

Etterrekning/godskriving skjer frå og med siste betalingsfrist etter at feilen vart oppdaga og som hovudregel ikkje ut over 3 år, jf lov om forelding av fordringar.

Når feilen kan tilskrivast nettselskapet, kan nettselskapet ikkje krevje etterbetaling dersom nettkunden var i aktsam god tru.

Tilbakebetaling eller tilleggsbetaling kan ikkje krevjast ved ei feilvisning som er mindre enn det som er tillate etter forskrift om elektrisitetsmålarar under bruk.

§ 5-5     Meirforbruk som følgje av feil i anlegg

Nettkunden svarar for feil/manglar i eige anlegg. Hvis ein feil eller mangel i nettkunden sitt eige anlegg gjer at måleutstyret har registrert eit forbruk som nettkunden ikkje har kunna nytte (meirforbruk), har nettkunden normalt ikkje krav på tilbakebetaling av nettleige/kraftpris.

Nettselskapet svarar for feil/manglar i eige anlegg. Dersom ein feil eller mangel ved nettselskapet sitt eige anlegg gjer at måleutstyret hos kunden har registrert eit forbruk som kunden ikkje har kunna nytte, har nettkunden normalt krav på full tilbakebetaling (nettleige og kraftpris).

Dersom det registrerte meirforbruket skuldast feil/manglar både i kunden sitt eige anlegg og feil/manglar i nettselskapet sitt anlegg eller i ein annan kunde sitt anlegg, svarar nettselskapet og kunden som hovudregel kvar for halvparten av det registrerte meirforbruket (nettleige og kraftpris).

I denne samanhengen definerer ein feil eller mangel som avvik frå eit anlegg i forskriftsmessig stand, jf forskrift om elektriske lavspenningsanlegg og forskrift for elektriske anlegg – forsyningsanlegg (FEAF), og vidare om brytarutstyr for jordfeil er montert i samsvar med offentlege forskrifter.

Hovudregelen kan fråvikast dersom den eine av partane har medverka til meirforbruket ved eiga skuld, dersom det er rimeleg når ein tar omsyn til i kva grad åtferda har medverka til at meirforbruket vart registrert. I denne vurderinga skal det leggjast vekt på om partane si varslingsplikt etter § 5-6 er halden.

Meirforbruket skal utreknast ut frå nettkunden sitt tidlegare normalforbruk i tilsvarande periode, med mindre ein av partane kan sannsynliggjere eit anna forbruk i den perioden feila/manglane verka, jf reglane om stipulering ved feil i måleutstyr i § 5-4.

§ 5-6     Varslingsplikt

Dersom ein av partane oppdagar feil ved målinga, for eksempel  meirforbruk, pliktar han å varsle den andre parten innan rimeleg tid.

§ 6    AVREKNING, PRIS- OG BETALINGSVILKÅR
§ 6-1    Betalingsplikt og sikring av betaling

Nettkunden har betalingsplikt for dei tenestene som nettselskapet yter. Nettselskapet kan be om at det vert stilt sikring for nettleige i inntil 4 månader dersom det vert gjort sannsynleg at det er fare for at kunden ikkje vil halde betalingsplikta. Ei slik oppmoding kan på same vilkår setjast fram også etter at nettleigeavtale er inngått.

§ 6-2    Tariffar

Nettselskapet skal på avtaletidspunktet gi nettkunden informasjon om gjeldande tariffar for nettleige. Tariffane skal gjerast kjende i ein eigen brosjyre eller i annan skriftleg informasjon som er tilgjengeleg for nettkundane, eksempelvis i ein avis som er alminneleg lesen i distriktet eller vise til stad der tariffane er tilgjengelege, for eksempel på nettselskapet si heimeside på Internett.

Nettselskapa pliktar på førespurnad og innan rimeleg tid å gi kundar informasjon om utrekningsgrunnlaget for eigne tariffar og korleis ein reknar ut tariffane for ulike kundegrupper.

Ved usemje mellom nettselskap og nettkunde om tariffar og andre overføringsvilkår, pliktar nettselskapet å informere kunden om at Norges vassdrags- og energidirektorat er kontrollinstans.

§ 6-3    Utrekning og betaling av nettleige

Dei måleverdiane som vert avlesne av nettselskapet sitt måleutstyr, dannar åleine grunnlaget for utrekning av nettleige og energiforbruk/energiflyt i målepunktet. Nettleiga skal betalast i samsvar med gjeldande tariff med tillegg av offentlege avgifter og normalt etter faktisk målt forbruk i perioden.

Fakturaen forfell til betaling i samsvar med nettselskapet sine normale faktureringsrutinar, og skal tilfredsstille krav til fakturering fastsett i forskrift til energilova.
Rente for sein betaling vert lagt til etter  lov om forsinkelsesrente og vert rekna frå betalingsfrist.

§ 6-4    Endring i tariffar og betalingsvilkår

Nettselskapa skal informere nettkunden om endringar i tariffar og/eller andre betalingsvilkår i rimeleg tid før endringar trer i kraft,. Endringar skal kunngjerast ved direkte melding til nettkunden eller på annan eigna måte og skal innehalde ei grunngjeving for eventuelle tariffendringar.

§ 6-5    Avrekningsfeil

Nettselskapet skal godskrive nettkunden, eller kan krevje etterbetaling for ein kvar avrekningsfeil. Tilbakebetaling eller tilleggsbetaling ved avrekningsfeil kan krevjast for den tida feilen kan ettervisast. Etterkrav/godskriving skjer frå og med siste betalingsfrist etter at feilen blei oppdaga og som hovudregel ikkje ut over 3 år, jf lov om forelding av fordringar. Slikt oppgjer skal normalt gjerast i samband med førstkomande fakturering etter at feilen var klarlagt.

Når feilen kan tilskrivast nettselskapet, kan nettselskapet ikkje krevje etterbetaling dersom nettkunden var i aktsam god tru.

Nettselskapet skal straks etter at det er oppdaga avrekningsfeil eller andre feil knytt til
måledata, informere kunden sin kraftleverandør om dette.

§ 7     STENGING AV NETTKUNDEN SITT ANLEGG
§ 7-1     Vilkår for stenging

Nettselskapet kan stengje nettkunden sitt anlegg dersom det ligg føre eit vesentleg kontraktsbrot frå nettkunden si side, til dømes vesentlege brot på plikta til å betale skuldig nettleige. Dersom nettselskapet også leverer kraft i samsvar med reglane om leveringsplikt, vil vesentlege brot på plikter som gjeld kraftleveransen også kunne utløyse stenging.

Stenging av eit anlegg fritek ikkje nettkunden for betaling av nettariffen sine faste kostnader, leige av målar m.m. i den tida anlegget er stengt.
Stenging kan ikkje skje dersom

  • nettkunden har innvendingar mot grunnlaget for stenginga som ikkje er openbert grunnlause.
  • det er fare for liv, helse eller vesentleg skade på ting. Nettkunden har sjølv eit ansvar for å dokumentere dette.

§ 7-2     Prosedyrar for stenging

Før stenging kan skje, skal nettselskapet ha prøvd å kontakte nettkunden personleg og nettkunden skal motta eit skriftleg stengevarsel som skal sendast til kunden si faktureringsadresse.

Av stengjevarselet skal det gå fram:

  • at nettkunden kan unngå stenging ved betaling innan fire veker frå den dato varselet blei sendt
  • ei oppfordring til nettkunden om snarleg å kontakte nettselskapet dersom stenging kan medføre fare for liv, helse eller vesentleg skade på ting.
  • ei oppfordring til nettkunden om snarleg å kontakte nettskapet dersom nettkunden har innvedningar mot grunnlaget for stenginga eller dersom nettkunden har betalingsproblem og liknande
  • at nettkunden kan bli pålagt å dekkje nødvendige kostnader i samband med ei stenging og eventuell gjenopning av nettkunden sitt anlegg
  • at nettkunden kan ta kontakt med sosialtenesta der han bur for å avklare om han har rett til økonomisk stønad for å avhjelpe situasjonen

Dersom sosialtenesta, innan fire veker etter at stengjevarsel er sendt, har meldt skriftleg at dei tek på seg ansvaret for å oppfylle nettkunden sine plikter, kan ikkje anlegget stengjast.

Stengjevarsel kan sendast i same brevet som inkasso/purrevarsel dersom det går klart fram at dette også er eit stengjevarsel.

Nettselskapet kan krevje at nettkunden dekkjer nødvendige kostnader i samband med stenging og eventuell gjenopning av forbrukeren sitt anlegg. Nødvendige kostnader knytt til utarbeiding og sending av varsel kan krevjast dekt sjølv om stenging ikkje finn stad. Nettselskapet kan ikkje krevje å få dekt kostnadene sine etter første og andre punktum dersom det har opptredd i strid med reglane § 7-1 eller § 7-2.

§ 7-3     Gjenopning av stengt anlegg

Dersom nettselskapet har stengt eit anlegg, kan ingen andre enn nettselskapet eller deira representant opne anlegget igjen. Eit anlegg som er rettmessig stengt på grunn av manglande betaling, vil ikkje gjenopnast før all gjeld til nettselskapet og kostnader i samband med stenginga og gjenopning, er betalt. Gjenopning kan likevel skje dersom nettselskapet og kunden blir samde om ein avtale om nedbetaling av gjeld og eventuelt at sosialtenesta eller andre i tillegg stiller garanti for løpande utgifter.

§ 7-4     Erstatningsansvar ved rettmessig stenging

Nettselskapet er ikkje ansvarleg for skadar eller tap som kan oppstå hos ein nettkunde ved rettmessig stenging.

§ 8     UTKOPLING OG INNKOPLING AV INSTALLASJONEN
§ 8-1     UTKOPLING OG INNKOPLING

Utkopling og innkopling kan berre utførast av nettselskapet eller deira representant. Nettselskapet er ikkje ansvarleg for skade eller tap ved ut- eller innkoplingar som er heimla i § 8, med mindre noko anna følgjer av § 14-2.

Dersom nettselskapet har kopla ut eit anlegg, kan ingen andre enn nettselskapet eller deira representant kople innatt anlegget, jf også § 7-3.

§ 8-2     Fråkopling utan nærare varsel

Nettselskapet utfører fråkopling utan nærare varsel dersom:

  • installasjonen er farleg
  • installasjonen treng utbetring straks
  • bruk kan medføre skade eller ulemper for nettkunden, nettselskapet eller andre

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB)/det lokale eltilsyn kan etter Forskrift om elektriske lavspenningsanlegg fastsett av Produkt- og elektrisitetstilsynet med hjemmel i lov om tilsyn med elektriske anlegg og elektrisk utstyr § 2, kople frå eit forskriftsstridig anlegg dersom pålegg om utbetring av manglar ved installasjonen ikkje er utført til avtalt tid, eller dersom det ikkje er brukt godkjende apparat.

§ 8-3     Utkopling etter nærare varsel

Nettselskapet kan kople ut nettkundar for å gjennomføre vedlikehald, fornying, ombygging, feilsøking, feilretting eller utviding av nettselskapet eller andre nettkunder sine installasjonar.

Nettselskap skal når dei planlegg arbeid som medfører avbrot eller redusert leveringskapasitet til sluttbrukarar, varsle dei aktuelle nettkundane om tidspunkt og lengde i rimeleg tid før arbeida vert sett i gang. Varslinga skal skje på ein føremålstenleg måte.

Nettselskap skal under driftsforstyrring, så langt som råd og på ein tenleg måte, ha tilgjengeleg informasjon for aktuelle nettkundar om årsak til driftsforstyrringa og tidspunktet ein ventar  gjenoppretta forsyning. Sjå elles § 13-2.

I den utstrekning det er råd, skal utkoplinga leggjast til tider som er til minst ulempe for nettkunden.

Varsel om utkopling medfører ingen plikt for nettselskapet til å kople ut anlegget i heile eller delar av det varsla tidsrommet.

§ 9    INKASSO

Inkasso skjer i samsvar med inkassolova.

§ 10     KONKURS

Er nettkunden konkurs, og ein panthavar eller konkursbuet tilbyr seg å teikne ny avtale, kan nettselskapet ikkje avslå eit slikt tilbod. Så vel ein panthavar som konkursbuet har krav på ny kontrakt med nettselskapet, og kan på same måten som andre nye nettkundar motsetje seg eit krav frå nettselskapet om dekning av den tidlegere nettkunden si gjeld som vilkår for inngåing av nettleigeavtale. Tilsvarande gjeld også i den grad nettselskapet også leverer kraft etter reglane om leveringsplikt.

Det kan krevjast sikring for at betaling skjer i rett tid.

§ 11    OPPSEIING AV NETTLEIGEAVTALE
§ 11-1    Oppseiing

Dersom nettkunden flyttar, eller på annan måte blir avstengd frå å nytte nettet, kan avtalen seiast opp med 14 dagars varsel.

Ved manglande oppseiing av avtalen er nettkunden ansvarleg for nettleiga inntil nettselskapet får lese av målaren eller har inngått avtale med annan nettkunde.  Dersom nettselskapet også leverer kraft etter reglane om leveringsplikt, gjeld tilsvarande for kraftsalet.

§ 11-2    Avrekning ved oppseiing

Nettkunden blir avrekna fram til utløpet av oppseiingsfristen, eller til målaravlesing ligg føre.
Nettkunden pliktar å underrette nettselskapet om tilkomst for avlesing av målar og for eventuell fråkopling av anlegget.

§ 12     NETTKUNDEN SINE KRAV VED FORSEINKING OG MANGLAR
§12-1     Forseinking

Nettselskapet si yting er forseinka dersom det oppstår eit avbrot i leveringa.

§ 12-2     Mangel

Nettselskapet si yting har ein mangel dersom den ikkje er i samsvar med forskrift om leveringskvalitet eller avtalen med nettkunden.

§ 12-3     Nettkunden sine krav ved forseinking eller manglar

Dersom det ligg føre ei forseinking eller ein mangel, og dette ikkje skuldast nettkunden eller forhold på nettkunden si side, kan nettkunden

  • halde tilbake betalinga for å dekkje krav som følgje av forseinkinga eller mangelen, men ikkje openbert meir enn det som vil gi trygg sikring for kravet.
  • krevje erstatning for tap som følgje av forseinkinga eller mangelen, jf § 13.

Dersom det ligg føre ein mangel, og dette ikkje skuldast nettkunden eller forhold på nettkunden si side, kan nettkunden i tillegg krevje prisavslag.

Nettkunden kan gjere sitt mangelskrav mot nettselskapet gjeldande mot overliggande nett etter reglane i forbrukarkjøpslova § 35.

§ 12-4     Utbetaling til nettkunden ved svært langvarige avbrot

Nettkunden kan krevje å få direkte utbetalt eit beløp frå nettselskapet ved svært langvarige avbrot. Svært langvarige avbrot er avbrot som varer i meir enn 12 timar, og beløpstorleik er fastsett i forskrift om økonomisk og teknisk rapportering, inntektsramme for nettverksemda og tariffar.

For avbrot over 72 timar skal det gjevast eit standardisert tillegg for kvar nye påbegynte tjuefiretimars periode avbrotet varer.

Nettkunden må fremje krav etter første ledd innan rimeleg tid etter at normal forsyning vart gjenoppretta.

For fritidsbustader kan eit samla årleg krav ikkje overstige forventa innbetalt nettleige for inneverande år.

§ 12-5     Avhjelp

Nettselskapet har rett og plikt til å avhjelpe forseinking og mangel utan kostnad for nettkunden innan rimeleg tid etter at nettkunden har gitt beskjed om dette.

§ 12-6     Reklamasjon

Nettkunden taper retten sin til å gjere ein mangel gjeldande dersom han ikkje innen rimeleg tid etter at han oppdaga eller burde ha oppdaga mangelen, gjev nettselskapet beskjed. Denne fristen er aldri kortare enn to månader frå det tidspunkt nettkunden oppdaga mangelen.

Reklamasjon må seinast skje to år etter det tidspunktet mangelen oppstod.

§ 13     ERSTATNING
§ 13-1     Nettselskapet sitt erstatningsansvar

Nettselskapet er ansvarleg for tap nettkunden lir som følgje av forseinking eller manglar ved ytinga. Dette gjeld likevel ikkje så langt nettselskapet godtgjer at forseinkinga eller mangelen skuldast årsaker utanfor selskapet sin kontroll, og som det ikkje er rimeleg å vente at selskapet vurderte med sikte på å unngå eller overvinne følgjene av på avtaletidspunktet.

Skuldast forseinkinga eller mangelen ein tredjeperson som nettselskapet har gitt i oppdrag heilt eller delvis å oppfylle nettleigeavtalen, er nettselskapet fri for ansvar berre dersom også tredjepersonen ville vore friteken etter regelen i første ledd. Det same gjeld om forseinkinga eller mangelen skuldast ein leverandør som nettselskapet har brukt, eller andre i overliggande nett.

Ansvarsfridommen gjeld så lenge hindringa er til stades. Fell hindringa bort, kan ansvar gjerast gjeldande dersom nettselskapet då pliktar å oppfylle, men ikkje gjer dette.

§ 13-2     Opplysningsplikt ved avbrot og spenningsvariasjonar

Nettselskapet skal ved avbrot og spenningsvariasjonar så langt som råd informere dei aktuelle nettkundane om årsaka til avbrotet eller spenningsvariasjonen og venta tidspunkt for gjenoppretta forsyning. Informasjonen skal gjevast på ein tenleg måte.

Får kunden ikkje slik melding innan rimeleg tid etter at selskapet fekk eller burde ha fått kjennskap til årsaka til avbrotet eller spenningsvariasjonen, kan kunden krevje erstatta tap som kunne ha vore unngått om han hadde fått meldinga i tide.

Sjå elles § 8.

§ 13-3     Produktskade

Det vert vist til forbrukarkjøpslova § 34.

§ 13-4     Erstatningsomfang

Erstatninga for forseinka eller mangelfull yting skal svare til det økonomiske tapet nettkunden er påført ved kontraktbrotet. Dette gjeld likevel berre tap som det var rimeleg at ein kunne ha forutsett som ei mogleg følgje av kontraktsbrotet.

Erstatninga omfatter ikkje
a)    tap som følgje av personskade    
b)    tap i nettkunden si næringsverksemd

§ 13-5     Plikt til å avgrense tapet. Lemping av ansvar

Nettkunden skal ved rimelege tiltak avgrense tapet sitt. Forsømer kunden dette, må han sjølv bere den tilsvarande delen av tapet.

Erstatninga kan setjast ned dersom ho vil verke urimeleg for nettselskapet ut frå tapet sin storleik i forhold til tap som vanlegvis oppstår i liknande tilfelle, og forholda elles.

§ 13-6     Nettkunden sitt erstatningsansvar

Nettselskapet kan krevje erstatning for tap det lir som følgje av kontraktsbrot frå nettkunden si  side. Dette gjeld likevel ikkje så langt nettkunden godtgjer at kontraktsbrotet skuldast hindring utanfor nettkunden sin kontroll og som det ikkje er rimeleg å vente vart vurdert med sikte på å unngå eller overvinne følgjene av på avtaletidspunktet.

§ 14    NY NETTAVTALE INNAN SAME HUSSTAND

Nettkunden kan overdrage nettleigeavtalen med tilhøyrande rettar og plikter til andre innan same husstand. Dette krev nettselskapet sitt forutgåande samtykke. I den utstrekning gjelda er opparbeidd saman, kan ikkje anna medlem av same husstand, også sambuar eller annan brukar av same anlegg, teikne ny nettleigeavtale med mindre all gjeld til nettselskapet er betalt eller gjeldsplikta vert overteken.

§ 15    TEIEPLIKT

Nettselskapet skal ikkje utlevere personopplysningar som vedkjem nettkunden eller nokon i same husstand, til utanforståande, unnateke når utlevering av slike opplysningar skjer:
a) med samtykke frå den opplysninga gjeld
b) med heimel i lov, eller i forskrift gjeven med heimel i lov eller
c) som ledd i betalingsinnkrevjing m.m. når det ligg føre sakleg grunn.

Teieplikta er likevel ikkje til hinder for at nettselskapet kan informere tredjemann om at eit anlegg vil bli eller er utan straum og at dette kan medføre skade, økonomisk tap eller ulempe for tredjemann.

§ 16    ENDRINGAR I STANDARD NETTLEIGEAVTALE

Endringar av innhaldet i denne standard nettleigeavtalen må skje i samråd med Forbrukarombudet.

Endringane skal kunngjerast med 14 dagars varsel som direkte melding til nettkunden eller på annan eigna måte.

§ 17    TVISTAR

Usmje om vilkår for tilknyting og bruk av nettet kan bringast inn til Norges vassdrags- og energidirektorat, som vil fatte vedtak i saka.

Tvistar vedrørande standard nettleigeavtale kan elles føreleggast Elklagenemnda, eller bringast inn for domstolane. Så lenge ein tvist er til handsaming i nemnda, kan ikkje ein part bringe den inn for dei alminnelege domstolane. Ein tvist er rekna for å vere til handsaming frå det tidspunktet kravet om klagehandsaming er kome inn til nemnda. Ei sak som nemnda har realitetshandsama, kan bringast direkte inn for tingretten.