Personvernerklæring Kvam Kraftverk AS

Den nye personvernordninga i EU trer i kraft i juli 2018. (General Data Protection Regulation- GDPR). Dette er i stor grad vidareføring av eksisterande regelverk, men kravet til behandling av personopplysningar er skjerpa og kunden sine rettar er styrka.

Denne personvernerklæringa forklarer korleis Kvam Kraftverk AS samlar inn og brukar personopplysningar og kva personopplysningar som vert samla inn når våre kundar bestiller og nyttar tenester frå Kvam Kraftverk. Kvam Kraftverk ivaretek og verner våre kundar sine personopplysningar og behandlar desse i samsvar med gjeldande lovgjeving, med dette personopplysningslova, personopplysningsforskrifta og GDPR (General Data Protection Regulation).

Behandlingsansvarlig

Kvam Kraftverk er ansvarleg for behandlinga av personopplysningar i samband med alle tenester som vert levert av Kvam Kraftverk. Kvam Kraftverk har ansvar for at kundebehandlarane håndterer personopplysningar på en forsvarleg måte og etter gjeldande regelverk.

Føremål med behandling av personopplysninger

Kvam Kraftverk registrerer personopplysningar om våre kundar for å kunna identifisere korrekt kunde på våre anlegg slik at leveranse, kundebehandling, fakturering og innkreving av uteståande kan gjennomførast på ein korrekt og sikker måte.

Behandlingsgrunnlag

Ved å bestilla tenester frå Kvam Kraftverk, og når eit kundeforhold/avtale vert oppretta, samtykkjer kunde i at Kvam Kraftverk hentar, registrerer og behandlar personopplysningar etter denne personvernerklæringa. Det er Forskrift om måling, avrekning, fakturering av nettenester og elektrisk energi, nettselskapa sin nøytralitet mv som definerer kva opplysningar som skal registrerast ved oppretting av nettleigeavtale.

Kva personopplysningar vert behandla og kvar vert dei henta frå?

Kvam Kraftverk registrerer og behandlar dei personopplysningane kunden gir ved bestilling av abonnement og med det inngåing av nettleigeavtale, for eksempel namn, fødselsnummer, adresse, e-postadresse og telefonnummer. Det er eit minimumskrav å opplysa om namn, fødselsdato og adresse for at Kvam Kraftverk skal kunna oppretta kundeforholdet.

Kvam Kraftverk samlar inn og behandlar informasjon om kunden sitt straumforbruk og kva straumleverandør kunden har.

Personopplysningar vert samla inn ved at kunde sjølv oppgjev opplysningane ved bestilling og ved endringar i kontaktinformasjon. Dette kan skje via Min side, telefon til vårt kundesenter, skriftleg eller via elektroniske kommunikasjon som epost. Fødselsnummer vert henta frå Det sentrale folkeregister på bakgrunn av namn og fødselsdato som kunde har gitt ved bestilling.

Personopplysningar kan og registrerast på bakgrunn av melding/bestilling frå kunden sin straumleverandør.

Dersom personopplysningar er mangelfulle hentar vi informasjon frå Det sentrale folkeregister og telefonkatalogen.

Kvam Kraftverk mottek oppdaterte opplysningar frå Det sentrale folkeregister for aktive kundar, her folkeregistrert adresse, fødselsnummer og statusendringar f eks dødsfall, utflytting og utvandring.

Kvam Kraftverk mottek også opplysningar fra installatørar som utfører meldepliktig arbeid i kunden sitt elektriske anlegg på oppdrag frå kunden. 

Utlevering av opplysningar til tredjepart - taushetsplikt

Kvam Kraftverk utleverer ikkje personopplysningar til utenforståande unntatt når utlevering av personopplysningane skjer:

a) med samtykke frå den opplysningen gjeld (fullmakt)

b) med heimel i lov eller forskrift gitt med heimel i lov (straumleverandør)

c) etter pålegg fra domstol eller anna myndigheit

d) som ledd i betalingsinnkreving der det ligg føre sakleg grunn (inkassobyrå)

Der det er nødvendig for å sikra administrasjonen av våre tenester vil Kvam Kraftverk gjera tilgjengeleg nødvendige personopplysningar for dei selskap som utfører den tekniske eller administrative drifta av våre tenester (for eksempel montørar som utfører arbeid på vegne av Kvam Kraftverk). Kvam Kraftverk er ansvarlig for at slik tredjepart held Kvam Kraftverk sine krav til behandling og bruk av personopplysninger.

Alle tilsette i Kvam Kraftverk signerer Teiepliktserklæring.

Lagring og sletting av personopplysningar

Kvam Kraftverk tek vare på personopplysningar etter gjeldande lovgjeving og har til eikvar tid tiltak for å sikre krava til konfidensialitet, tilgjengeligheit og integritet. Personopplysningane vil berre bli lagra så lenge Kvam Kraftverk har eit sakleg behov for dette. Når Kvam Kraftverk ikke lenger har eit sakleg behov for lagring av personopplysningar, vil opplysningane bli sletta eller anonymisert. Tilgang til system der personopplysningar er lagra vert berre gjevne til tilsette som har behov for tilgang for å sikre dagleg drift og er begrenset ved bruk av individuelle brukarnavn og passord.

Sikring av personopplysninger

Kvam Kraftverk har rutinar og system for å begrensa tilgangen til personopplysningar samt at personopplysningar ikkje kjem på feil stader.

Kvam Kraftverk har opplæringsprogram for tilsatte som får tilgang til personopplysningar. Gjeldande rutinar for håndtering av personopplysninger vert gjennomgått jamnleg for alle saksbehandlarar.  

Dine rettar

Du kan til eikvar tid kreva innsyn i dei opplysningar som Kvam Kraftverk har registrert om deg. Du kan og kreva retting og sletting av personopplysningar i samsvar med gjeldande lovgjeving.

Revisjon av personvernerklæring

Kvam Kraftverk reviderer personvernerklæringa dersom det er behov for endring av vår behandling av personopplysningar eller ved endringar i lover eller forskrifter som krev endringar i personvererklæringa. Sist revidert juni 2018 i samband med GDPR.

Kontaktopplysningar

Kontaktopplysningar som telefonnummer, e-postadresse og postadresse kan kunde sjølv administrere på MiSide på www.nett.kvam-kraftverk.no.

Kunde kan og kontakta kundeservice på 56553300 eller post@kvamkraftverk-nett.no for endring/sletting av personopplysningar.

Førespurnad om innsyn i registrerte opplysningar skal sendast til post@kvamkraftverk-nett.no eller til:

Kvam Kraftverk AS
Postboks 64
5601 Norheimsund

Kundeservice kan og kontaktes for innsyn i registrerte opplysningar. Opplysningane skal sendast til folkeregistrert adresse.