Personvernerklæring for nettside

1. Om Kvam Kraftverk AS

Eigar av denne nettsida er: Kvam Kraftverk AS, Kaldestad 40, 5600 Norheimsund. Epost: firmapost@kvam-kraftverk.no. Vårt org. nr er: NO 979 599 684.

2. Informasjonskapslar

Kvam Kraftverk AS nyttar informasjonskapslar, også kalt cookies, på nettsidene. Ved å bruke nettsida vår samtykker du i at vi kan setje desse i din nettlesar. Cookies er standard Internett-teknologi som dei aller fleste nettstader nyttar. Vi nyttar denne kunnskapen for å tilby deg ei betre kundeoppleving neste gang du kjem til nettsida vår. Dei fleste nettlesarar, som Opera, Internet Explorer, Firefox, Safari etc, er innstilt slik at cookies blir akseptert automatisk. Om du ikkje ønskjer å akseptere cookies må du sjølv endre innstillingane i din nettlesar. Merk at denne innstillinga kan føre til at mange nettstader ikkje vil fungere optimalt.

3. Bruk av informasjonskapslar på denne nettsida

Eigar: Squarespace/Google Analytics

Føremål: Samle informasjon om korleis besøkande nyttar nettsida. Vi brukar denne informasjonen for å lage rapportar for å betre nettsida. Informasjonskapslane anonymiserer all informasjon. Dei seier noko om tal besøkande på nettsida, kvar dei kjem frå og kva sider dei besøker.

Eigar: Vimeo

Føremål: Lagar statistikk på visningar og visningsdata på videoar på sida.

Eigar: Youtube

Føremål: Lagar statistikk på visningar og visningsdata på videoar på sida.

4. Informasjon i samband med kommunikasjon med oss

Vi lagrar opplysningar gitt via din kommunikasjon med oss. Dette er t.d. e-postar du sender oss og problem du rapporterar inn. Vi lagrar denne informasjonen for å gje deg best muleg service når du kontakter oss ved at vi kjenner historikken i ditt kundeforhold.

5. Kontaktskjema

Når du fyller ut kontaktskjema på nettsida lagrar vi denne informasjonen i vårt CRM-system. Denne informasjonen vil vi lagre for å kunne yte betre kundeservice. Vi etterstrebar å ikkje ta vare på dine detaljar lenger enn nødvendig. Ønskjer du å bli sletta, sjå kapittel om Innsyn, retting og sletting av personinformasjon under.

6. Deling

Det er muleg å dele artiklar på nettsida i sosiale medium (Facebook, Twitter). Vidare handtering av data som blir delt i sosiale medium, vert regulert av din avtale med det aktuelle nettsamfunnet.

7. Innsyn, retting og sletting av personinformasjon

Etter personopplysningsloven § 18 har du som privatperson krav på innsyn i dei opplysningar som er registrert om deg. Innsyn kan ein få ved å hendvende seg til Kvam Kraftverk AS på epost: firmapost@kvam-kraftverk.no. Dersom registrerte opplysningar er uriktige, ufullstendige eller du ønskjer å slette dine opplysningar, kan ein krevje dette i henhold til personopplysningsloven § 27.

8. Ansvarleg databehandlar

Dagleg leiar i Kvam Kraftverk AS er ansvarleg for handsaming av personopplysningar. Vedkommande er ansvarleg for at det vert gjennomført internkontrollar med omsyn til behandling av personopplysningar, og at evt. avvik frå gjeldande lovverk vert meldt inn og retta. Vi etterstrebar til einkvar tid å følgje gjeldande regelverk for personvern.

Har du spørsmål, ta kontakt på firmapost@kvam-kraftverk.no eller på telefon 56 55 33 00.