Kvam Kraftverk AS

Historie

Kvam var av dei fyrste bygdene i Hordaland som fekk sitt eige elektrisitetsverk. Kraftverket på Kaldestad og linjenettet vart igangsett i slutten av februar 1913. Kostnaden med denne fyrste utbyggjinga var på 136 000,- kroner. Mellom 1913 og 1934 vart linjenettet utvida, og ein fekk behov for eit større kraftverk. Det vart vedteke å byggja ut Kaldestadvassdraget med ny kraftstasjon, ny røyrleidning og dam på Solhaug. Det nye kraftverket stod klart i 1936. I mellomtida hadde Strandebarm, som på den tida var eigen kommune, bygd sitt eige kraftverk på Fosse. Ved heradsreguleringa i 1964, gjekk også dei to kraftverka saman til ei eining.

I dag

Kvam Kraftverk AS driv verksemd på fleire områder i dag. Nettdrift, kraftproduksjon, kraftomsetning,  entrepenørtenester, breiband og varmepumper er nokre av områda. Kvam Kraftverk AS produserer i eit normalår vel 50 GWh i kraftstasjonane i Strandebarm og Norheimsund. Det tilsvarar omlag 35% av det som vert brukt i vårt nett i løpet av eit år. Linjenettet består mellom anna av omlag 510 km luftledningar, 460 km jordkablar og 340 transformatorar. Utbyggjing, drift og vedlikehald av dette nettet er kvardagen til nettavdelinga.

Kvam Kraftverk AS byrja utbyggjing av fibernett  i Kvam i 2002. Sidan dette har vi bygd eit omfattande stamlinjenett (hovudvegar). Og det er etablert mange tilkoplingspunkt (sentralar) som er utgangspunkt for strekking av fiber ut til sluttbrukar.
Vi har brukt ein moderne og framtidsretta byggjemåte, og valt tekniske løysingar som gjev oss eit driftsikkert nett med svært høg kapasitet.Dette sikrar at vi kan kan levera dei mest krevjande og mest moderne tenestene til brukarane våre.

Kvam Kraftverk AS har sidan 2006 installert Toshiba varmepumper. Vi har no montert over 600 pumper, og får mange positive tilbakemeldingar.