Kompensasjon

Kompensasjon ved langvarige straumbrot

Kundar som opplever meir enn 12 timar samanhengande straumbrot, kan søkja om økonomisk kompensasjon. Lengda på avbrotet vert rekna frå det tidspunktet nettselskapet fekk melding om avbrotet. For å melda om avbrot, kan ein nytta vakttelefonen: 56 55 33 33.

Fyll ut skjema, og send til Kvam Kraftverk innan rimeleg tid etter at normal straumforsyning vart gjennoppretta.

Kompensasjonsbeløp:

12-24 timar - 600 kr
24-48 timar  - 1400 kr
48-72 timar - 2700 kr

For avbrot ut over 72 timar vert det gjeve eit tillegg på 1 300 kr for kvar nye påbegynnte 24 timars periode.

Merk at for fritidsbustadar kan eit årleg samla krav ikkje overstiga forventa årleg innbetalt nettleige.