Plusskunde

Straumkundar kan bli kraftprodusentar

Ny regulering av måleteknologi gjer at straumkundar kan installere sin eigen straumproduksjon og kople denne straumproduksjonen til straumnettet over den same målaren som måler straumforbruket.

Ein bruker sjølv straumen som ein produserer og sparer med det nettleige, moms og forbrukaravgift. Produserer ein i periodar meir enn ein bruker, kan dette seljast ut på nettet. Kor lenge ein unngår avgiftene, er det umogleg å spå om. Det skal prinsipielt sett reknast både moms og forbruksavgift på forbrukt eigenprodusert straum, men det finst ingen metode i dag for å finne avgiftsgrunnlaget for «heimeprodusert» straum som ikkje er målt separat.

Forbrukskundar med eigen straumproduksjon som i enkelttimar har overskottskraft som kan matast inn på nettet, blir kalla plusskundar og er definert slik av NVE:

Sluttbrukar med forbruk og produksjon bak tilknytingspunkt der innmata effekt i tilknytingspunktet ikkje på noko tidspunkt er større enn 100 kW. Ein plusskunde kan ikkje ha konsesjonspliktig anlegg bak eige tilknytingspunkt eller omsetning bak tilknytingspunktet som krev omsetningskonsesjon.

Eigen produksjon. Typiske plusskundar vil vere folk som bur i bustader med solpanel på taket, eller bustader eller verksemder som genererer kraft i avgrensa omfang. Plusskundeordninga gjeld ikkje berre for solcelleanlegg, men solceller vil truleg vere mest vanleg. Små vass- og vindkraftanlegg under konsesjonsgrensene, og som ikkje matar inn over 100 kW effekt på noko tidspunkt, kan også vere omfatta av plusskundeordninga.

NVE har vedtatt endringar i forskrift om kontroll av nettverksemda (kontrollforskrifta) som regulerer plusskundeordninga. Frå 1.1.2017 blir plusskundar fritekne for å betale andre tariffledd for innmating.

Selg straumen. Føresetnaden er at plusskundar sel overskottskrafta til straumleverandørar, men NVE har gjort eit vedtak med ein generell dispensasjon til alle nettselskap der nettselskapa har fått ein sjanse til å gi plusskundar nokre forenklingar. Dispensasjonen gjeld framleis og inneber at det lokale nettselskapet også kan kjøpe krafta frå plusskunden, og at kunden slepp å betale andre tariffledd for innmating av kraft. Nettselskapet har ikkje plikt til gjere seg nytte av dispensasjonen.

Dersom du vil installere solcelleanlegg eller anna småskala straumproduksjon i bustaden din eller verksemda di for å bli plusskunde, må du først gjere ein plusskundeavtale med det lokale nettselskapet ditt. Du kan lese meir om plusskundeordninga på www.nve.no.

Eit alternativ til å bli plusskunde, og selje overskottsproduksjonen, er naturlegvis å ta teknologien eit steg lenger. Du kan alternativt bruke overskottsproduksjonen du ikkje sjølv kan bruke der og då til å lade opp eigne batteri. Då kan du bruke straumen i batteriet når effektbehovet ditt er der. Men det er ei anna historie.

 

Her finn du informasjonsbrev frå Kvam Kraftverk