Målaravlesing

For registrering av ny målarstand, logg inn på Målaravlesing eller MiSide.

Kundenummer

Nummeret finn du på avlesingskort eller faktura frå oss, og har 4 eller 5 siffer.

Målepunkt ID

Dette nummeret finn på tilsendte avlesingskort eller på faktura frå oss. Det kan ha 18 siffer, men du skal berre bruka dei 8 siste (dei fyrste 10 tala er like for alle i Norge, 7070575000)

Målarnummer

Målarnummeret finn du på faktura eller på målar, og skal nyttast ved SMS-avlesing.

Avlesingsdatoar:

01.januar, 01. mars, 01.mai, 01. juli, 01.september og 01. november. Om det ikkje høver å lesa av rundt overnemnde datoar må det meldast avlesing til andre tider slik at vi får korrigera oss inn ved stipulering på datoane.

Det skal og avlesast ved leverandørskifte.

Alternative avlesingsmåtar:

Telefonavlesing

Du kan registrera avlesinga pr. telefon på nr.: 800 55 242.
Her treng du berre målepunkt ID og målarstand før du ringjer. Det er gratis å ringja dette nummeret frå fasttelefon, men det er ei mindre avgift ved bruk av mobiltelefon.

SMS-avlesing

Du kan senda inn målaravlesinga som SMS frå mobiltelefon. Du må då først melda inn mobiltelefonnummeret ditt. Dette gjer du på mi side. Når du har registrert deg der kan du senda inn avlesing via SMS. Send meldinga til 26166 bruk kodeord Kvam så målarnummer og stand. (Eks: Kvam 5896 695268) Du vil få ein kvittering på at avlesinga er motteken.

Avlesingskort

Vi ynskjer at flest mogleg nyttar internett, SMS eller telefonavlesing, det er den mest miljøvenlege og rimelegaste løysinga for oss. Dei som ikkje ynskjer å nytta nokon av desse metodane, vil få tilsendt avlesingskort som skal returnerast. Det vert sendt ut målaravlesingskort med 2 svarslippar, nederst på svarslippen vil det stå dato for avlesing.

Varsel om avlesing som epost eller SMS

I staden for avlesingskort kan du få varsel om avlesing som epost eller SMS. Desse vala gjer du på mi side.

Om noko er uklart, kontakt kundeservice: 56 55 33 00