Meld flytting

Bestilling av nettabonnement

På flyttefot

Når du flyttar er det viktig at du melder frå både til nettselskapet og kraftleverandøren.

I Kvam herad er Kvam Kraftverk AS netteigar, og har ansvaret for å overføra kraft frå nettet til din bustad. Du må difor melde frå til kraftverket om di nye adresse, og eventuelt avslutte abonnementet på adressa du flyttar frå. Hugs å lesa av målaren ved flytting. 

Flyttar du inn på ei ny adresse i vårt nettområde bestiller du abbonement for nettleige. Du vel sjølv kva kraftleverandør du ynskjer til di nye adresse. Du må sjølv ta kontakt med kraftleverandøren du ynskjer, ein oversikt over kraftleverandørane i vårt nettområde finn her

Dersom du ikkje vel ein kraftleverandør, er nettselskapet pålagt å levera kraft til di adresse. Du vil då verta lagt på ventetariff.