Utan straum

Ved straumbrot eller annan feil på straumleveringa bør du gjera følgjande før du ringjer vår vakttelefon 56 55 33 33:

  • Undersøk om naboar eller andre i området har straum.
  • I så fall må du sjekka om sikringar og eventuell jordfeilbrytar har kopla ut. Hugs å sjå på sikringar på inntak (loft eller kjellar).
  • Dersom alt ser ut til å vera i orden, men det er berre du som ikkje har straum, bør du ta kontakt med elektrikar då det er mest truleg at feilen er på det elektriske anlegget.
  • Dersom straumen også er borte hos naboane, eller du reknar det som sikkert at feilen er utanfor ditt anlegg, kan du ringja vår vakttelefon.

Det er veldig viktig at du ringjer dersom du har sett feil på nettet vårt. Dette kan føra til at vi fortare kan lokalisera og utbetra feilen.

Telefonnummer til elektroinstallatørar i vårt forsyningsområde:

Kvam Elektro, Øystese 56 55 00 00
Øystese Elektiske AS, Øystese 56 55 04 40
Norheimsund Elektro, Norheimsund 56 55 36 60
Hovden Elektro, Norheimsund 56 55 56 10
Hordaland Elektroteknikk, Strandebarm 90 93 99 65
Maritim Elektro, Omastrand 56 55 05 60