Kontroll i private bygningar

DLE gjennomfører kvart år kontrollar av elektriske anlegg i bustader, hytter, driftsbygningar, mm. Det er ein stor fordel at eigar/brukar deltek under kontrollen. Dette for å kunne gje informasjon om eltryggleik, likeins kunna gje forklaring på kva som er faren med dei avvik som eventuelt vert påpeka. Vår inspektør vil fylgja leidningsnettet frå inntaket, gjennom sikringsskåpet og vidare frå sikringskursane og fram til tilkopla apparat og utstyr.

Døme under beskriv ein kontroll av ein bustad.

Inntaksboksen:

  • Riktige sikringar, ev. varmgang
  • Spenningsførande delar skal vera skjerma mot berøring (at sikringane kan betjenast utan fare for straumgjennomgang.)

Sikringsskåpet:

  • Måling av isolasjonsmotstand (jordfeil)
  • Test av jordfeilbrytarar/automatar.
  • Måling av feilstraumar.
  • Korrekt merking og rett storleik på sikringar
  • Spenningsførande delar skal væra skjerma mot berøring (at sikringane kan betjenast utan fare for straumgjennomgang.)
  • Kontroll av jording (hovudjord og utjamningssamband)
  • Evt. varmgang, eks. lause tilkoplingsklemmer.
  • At det ikkje er oppbevart brennbart/uvedkomande materiale i sikringsskåpet/tavlerommet.

Den faste installasjonen:

  • Kontinuitetstesting av jording (at jordforbindelsane er i orden)
  • Det skal ikkje vera blanda jorda og ujorda installasjonar.
  • Alle kablar og leidningar skal vera godt festa
  • Kontrollerer at kablar, elektrisk installasjonar og elektrisk utstyr ikkje har skadar.
  • Kontrollerer at kablar, elektrisk installasjonar og elektrisk utstyr ikkje har varmgang (t.d. i brytarar, koplingsboksar, stikkontaktar osv. (visuell kontroll).

Tilkopla utstyr:

  • Kokeplater på komfyren skal alltid vera slått av etter bruk.
  • Varmeomnar skal ikkje vera dekka til.
  • Utstyr som trekkjer mykje straum skal ikkje vera tilkopla via skøyteleidning.
  • Varmeomnar og sengelampar på soverom skal vera festa til vegg.

Kontroll av bedrifter

Alle bedrifter er pålagd å ha eige internkontrollsystem som omfattar mellom anna, dei elektriske installasjonane og det elektriske utstyret.

Internkontrollsystemet skal skriftleg dokumentera:

  • Kva mål bedrifta har for helse, miljø og tryggleik.
  • Korleis bedrifta er organisert, korleis ansvar og oppgåver innafor HMS er fordelt.
  • Kartlegging og vurdering av risiko (brev, rapportar, måleresultat og liknande).
  • Kva som skal gjerast, kor tid/ofte og av kven (handlingsplan).
  • Rutinar for handtering av feil og manglar.
  • Korleis HMS-rutinane vert evaluerte for å sikra at de fungerer etter føremålet.

Internkontrollsystemet skal tilpassast bedrifta si storleik og virkeområde.

Internkontrollforskrifta finn du her: "Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter".