Komfyrvaktkampanje

Me veit at komfyrbrannar er den klart største årsaka til brann i heimen. Det er fort gjort å gløyma panna på komfyren og difor er fyrste bod å verta verande ved komfyren når du lagar mat. Turrkoking kan skje hjå oss alle. Men ein ser at komfyrbrann oftare oppstår hjå einskilde grupper i folket, nemleg eldre og einslege unge.

Så godt som alle komfyrbrannar skuldast menneskelege feil og ikkje tekniske feil ved komfyren. Ved å installera komfyrvakt kan du hindra komfyrbrann. Difor oppmodar me alle til å installera komfyrvakt. Ein komfyrvakt inneber at komfyren vert slått av dersom ein farleg situasjon oppstår.                                                

Komfyrvakta er samansett av to deler: Ein sensor som vaker over komfyrtoppen, og ein del som kuttar straumen til komfyren dersom sensoren registrerar faretruande høg temperatur.

- Er å få kjøpt på elektro-butikkar og på nettet

- Skal vera installert i alle nyare bustader – etter 2010

- Skal installerast i eldre bustader ved oppussing dersom det vert lagd ny straumkurs til kjøkkenet.

- Same reglar gjeld fritidsbustader.

Onsdag den 8. og torsdag den 9. februar vil det lokale elektrisitetstilsynet/Kvam Kraftverk og Kvam brann- og redningstenesta delta i «Komfyrvaktkampanjen 2017». Me ynskjer å møta folk som er ute på handel, dette året i Norheimsund og Øystese.

http://www.sikkerhverdag.no/  finn du nyttig informasjon om komfyrvakt og ellers andre tiltak som vil betra branntryggleiken.