Melding om installasjonsarbeid

Elektroentreprenøren skal senda skjema til netteigaren i god tid før han startar eit installasjonsarbeid som medfører arbeid med stikkleidning, eller som medfører endring av kortslutnings- eller overbelastningsvern.

Nettselskapet gjev tilbakemelding innan rimeleg tid på meldinga si status. Skjemaet vert så returnert med påføring av nettinformasjon som: stikkleidningens art, kortslutningsytelse, jordslutningsstraum, nett-type og spenning.

Elektroentreprenøren sender så skjemaet tilbake når anlegget skal knytast til. Skjemaet må vera netteigar i hende seinast 3 dagar før tilkopling. Det må og opplysast om tilkomst i bygget.

Melding om installasjonsarbeid skal no sendast elektronisk. Brukarnavn og passord får du ved å henvenda deg til Gunnar Mundheim på tlf: 56 55 33 19 eller på epost: gunnar.mundheim@kvam-kraftverk.no