Eltilsyn

Kvam Kraftverk AS står for Det lokale eltilsyn (DLE) i sitt nettområde. Me utfører regelmessig kontroll i bustadar, hytter o.l. og føretar stikkprøvekontroll på nye anlegg, utviding, omlegging m.v. Me er underlagt direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, www.dsb.no.

Huseigar og evt leigetakar/brukar er sjølv ansvarleg for at det elektriske anlegget og det elektriske utstyret til ei kvar tid er i forskriftsmessig stand og at det vert brukt rett.

Installasjonsarbeid kan berre utførast av godkjent elektroentreprenør. Denne skal melda slikt arbeid til oss. Entreprenøren skal og levera deg som eigar/brukar av anlegget eit garantibevis, såkalla "Samsvarserklæring", som er ein garanti for at anlegget er i samsvar med forskrifter og normer. Det er viktig at dette vert oppbevart på eigedomen som dokumentasjon ved kontroll frå oss, i samband med forsikringssaker eller ved sal av eigedomen. Dokumentasjonen kan og lagrast digitalt på www.boligmappa.no.

Ved kjøp eller sal av eigedom kan ein kontakta DLE for å få kopi av dokumentasjon av tidlegare kontrollar av det elektriske anlegget.

Oppgåver DLE utfører for DSB:

  • Kontroll av el-installasjonar og elektrisk utstyr i private husstandar, landbruk, bedrifter, mm.
  • Systemrevisjonar av elektroinstallatørar.
  • Systemrevisjonar av internkontrollsystem i bedrifter som t.d. produksjonsbedrifter, verkstader, helseinstitusjonar, eksplosjonafarlege område, mm.
  • Marknadskontrollar (td. kontroll av produkt som vert seld i butikkar)
  • Informasjon om el-tryggleik til kundegrupper
  • Revisjon og verifikasjon av internkontroll som omhandlar elektriske installasjonar og elektrisk utstyr.
  • Deltek i brannetterforsking.