Din heim - Ditt ansvar

Huseigar er sjølv ansvarleg for at det elektiske anlegget og det elektriske utstyret til ei kvar tid er i forskriftmessig stand og at det vert brukt rett. Her er ei sjekkliste for eigenkontroll av bustaden:

Sikringsskåpet:

  • Skru sikringane godt til, og kjenn etter om nokon av sikringane er unormalt varme.
  • Sjekk at jordfeilbrytar og ev. jordfeilvarslar reagerer på testknapp.
  • Sjekk at det er ryddig i sikringsskapet, at deksel rundt sikringar/vern er på plass og at dør er lukka.
  • Dersom ein sikring ofte koplar ut, kan det tyda på at det er for stor belastning på denne kursen.

Den faste installasjonen:

  • Sjekk at deksel på brytarar, stikkontaktar, koplingsboksar osv. ikkje er skada eller har teikn på varmgang.
  • Sjekk at det ikkje er kablar som er lause, eller er skada.
  • Sjekk at fastmontert utstyr som varmeomnar, lysamatur osv. er forskriftsmessig festa, og at dei ikkje er dekka til av gardiner eller andre gjenstandar.
  • Sjekk at det ikkje er utført installasjonsarbeid av andre enn registrert elektroinstallatør.

Tilkobla utstyr:

  • Sjekk at det ikkje er overdreven bruk av bevegelege ledningar og skjøtekontaktar.
  • Kjenn etter varmgang på støpsler når disse apparatene er i bruk:
  • Vaskemaskin, oppvaskmaskin, varmtvannsberedar, komfyr, varmeomnar.
  • Sjekk at tørkestativ eller klessnor ikkje er plassert nærare omn enn den avstanden som er påstempla omnar på bad og vaskerom.
  • Sjekk at det ikkje er brukt større lyspærer enn det som er påstempla lysutstyret.
  • Sjekk at sengelampar og varmeomnar på soverom er skikkeleg festa til veggen.
  • Sjekk at TV-apparatet er avslått med brytaren når det ikkje er i bruk.
  • Sjekk at støpslet til kaffitraktar, brødristar, vasskokar er teke ut etter bruk.
  • Sjekk at kokeplater på komfyren alltid vert slått av etter bruk.
  • Bruk aldri vaskemaskin og tørketrommel om natta eller når ein ikkje er heime.
  • Elektrisk utstyr som vert brukt utandørs skal alltid tilkoplast jorda stikkontakt.
  • Unngå bruk og lading av mobil og pc i seng. 

Dersom det vært avdekka feil eller mangel på det elektriske anlegget, må desse utbetrast av installatør.

Kontroller pulverapparat/brannslanger og røykvarslar årleg.