Datasikkerhet og nye målarar

 
 

Sikker som banken

I den siste tida har media skrive mykje om datasikkerheten i dei nye automatiske straummålarane. Datatilsynet har advart mot å ukritisk gje tilgang til data henta ut frå straummålaren.

Innan utgangen av 2018 vil også alle kundar i Kvam få installert automatisk straummålar. Dei nye målarane registrerer straumforbruket på timesbasis, og verdiane vert sendt automatisk til nettselskapet og kraftleverandøren. Denne dataflyten er kryptert, på samme måte som i nettbanken.

Dei nye målarane har og ein utgang/kontakt (HAN port), som gjer det mogeleg for tenestetilbydarar å henta ut informasjon om forbruket. For at andre enn nettselskapet skal kunna henta ut informasjon frå målaren, må kunden be nettselskapet om å opna denne utgangen/kontakten. I tillegg må kunden fysisk kobla tenestetilbydaren sitt utstyr til utgangen/kontakten. Som kunde må du vera kristisk til kva for tenestetilbydarar du gjev tilgang til å henta ut informasjon frå målaren.