Om oss

Me stiller større og større krav til hastigheit når me koplar oss til Internett eller når me i arbeidet vårt er tilkopla nettverk eller serverar som ligg langt borte. Innanfor teknologien me kjenner til i dag, er det ikkje noko som kan konkurrera med fiberoptiske kablar når det gjeld kapasitet og sikkerheit for overføring av elektroniske signal.

I desse kablane vert eit ljos frå ein lysdiode (laser), leia inn i ein kjerne av kabelen som er laga av heilt reint glas eller plast. På grunn av at signalet som går gjennom kabelen er ljos, vil ikkje signalet verta påverka av nærliggjande elektriske kablar. Dermed kan fart og stabilitet over lengre distansar verta vesentleg betre enn i tradisjonelle metall-kablar. I dag er fiberoptiske kablar nesten einerådande når nye kommunikasjonsnett skal byggjast ut.

Ljoset som kjem gjennom fiberkabelen vert omforma til elektroniske signal ute hos brukaren i enden av kabelen. Ljos har evne til å flytta enorme informasjonsmengder. Maksimal kapasitet som til no er målt, er 20 millionar tradisjonelle samtalar samtidig på ein fiber. Telefonsamtalar er likevel berre ein mikroskopisk del av den totale trafikken i dag, datatrafikk over Internett og TV-signal utgjer  hovudtyngda av trafikken. 

Kvam Kraftverk starta si satsing på breiband i 2002 med ein visjon om at alle innbyggarar og bedrifter i Kvam over tid skal få tilbod om tilkopling til fibernett. Me har i løpet av desse åra bygd ut eit omfattande nett i store delar av heradet, og me har etablert mange tilkoplingssentralar som vert nytta til strekking av fiber inn til sluttbrukar.

Kvam Kraftverk er oppteken av at alle kundane skal ha tilgang på dei beste innhaldstenestene. I privatmarknaden samarbeider me difor med NextGenTel om levering av internett, telefoni og TV. NextGenTel har hovudkvarter i Bergen og er ein del av det europeiske konsernet Telio.

I marknaden for bedrift har me samarbeid med både det regionale breibandsselskapet BKK Marknad og dei nasjonale breibandsselskapa Broadnet (i samarbeid med Vest Systempartner i Norheimsund) og NextGenTel om levering av breibandstenester til bedrifter.

Elles leige me ut fibrar/fibersamband til både Kvam herad, Kvamnet og internt til andre avdelinger i Kvam Kraftverk.

Fibernett er ved Kvam Kraftverk organisert i ein eigen avdeling der 3 tilsette har sitt daglege arbeid.