Privat

Kvam Kraftverk har eit omfattande fibernett i bygdene Norheimsund, Øystese, Tørvikbygd og Strandebarm, samt grendene Steinsdalen og Vikøy. Me er opptekne av at alle kundane skal ha tilgang på dei beste innhaldstenestene. I privatmarknaden samarbeider me difor med breibandsverksemda NextGenTel som har hovudkvarter i Bergen og er ein del av det europeiske konsernet Telio.

Som kommunikasjons- og tenestepartnar i Kvam Kraftverk sitt fibernett leverer NextGenTel førsteklasses breidbandstenester til privatmarknaden i Kvam.

Sidan me i 2009 inngjekk ein avtale med NextGenTel, har over 1000 husstandar bestilt tenester frå NextGenTel over fibernettet vårt i Kvam. Desse husstandane har tilgang til kjerneteneste Digital-TV, telefoni og superraskt internett frå NextGenTel, samt andre tilleggsprodukter frå NextGenTel. Med fiberoptikk vert datasignala overført med lysets hastighet.

Ei breibandstilknyting til fibernettet gir deg den beste og mest framtidsretta kommunikasjonen ut mot omverda, og er med på å auka verdien på eigedomen.

Vil du bestilla fiber eller vita meir om NextGenTel sine produkt, gå inn på www.nextgentel.no/fiber/kvam eller kontakt dei på telefon 07979.

Lurer du på noko kring bygginga av fibernettet og/eller framføring av fibersamband til huset ditt, kan du kontakta Kvam Kraftverk AS på telefon: 56 55 33 00, eller fiber@kvam-kraftverk.no

Kan eg få fiber?

Sjå vår oversikt over etablerte fibernettområde her.