Bestill abonnement for nettleige

Flyttar du inn på ny adresse i Kvam, må du bestilla nettleige hjå Kvam Kraftverk AS.

Nettleiga er den delen av rekninga di som dekkar kostnaden vi har med utbyggjing, drift og vedlikehald av nettet. I tilegg kjem kostnader vi vert avrekna for frå det landsomfattande nettet som forsyner oss. Måling av forbruk, avrekning, eltilsyn m.v. høyrer og med i nettleiga. Noregs vassdrags- og energidirektorat fastset størrelsen på nettleiga hjå Kvam Kraftverk AS og andre nettselskap. Om lag halvparten av nettleiga er offentlega avgifter vi er pålagt å kreva inn på vegne av staten. For ein hushaldning med eit forbruk på 20 000 kWh årleg, vil nettleiga utgjera omlag kr. 11 600,- årleg. Nettleiga inneheld fastledd og variabelt ledd som skal dekkja kostnadane til Kvam Kraftverk AS, i tilegg kjem forbruksavgift, avgift til Enova og meirverdiavgift som vi krev inn for staten.

Nettleigeprisane er delt inn i fire kundegrupper: Hushaldningar, hytter/fritidshus, små og store næringar

Kraftleveringsavtale

I tilegg lyt du bestilla ein kraftleveringsavtale hjå ein kraftleverandør. Dersom du ikkje har ein kraftleveringsavtale er Kvam Kraftverk AS som netteigar pliktig å levera deg kraft, du vil då få ventetariff. Du finn meir informasjon om ventetariff under nettleige i menyen.