Du kan stola på den nye straummålaren

Du kan vera trygg på at informasjonen om straumforbruket ditt ikkje vert misbrukt

I den siste tida har media skrive om montering av automatiske straummålarar i Noreg, og Datatilsynet åtvarar mot at dei nye målarane kan registrera informasjon som kan gje andre innsyn i privatlivet ditt. Nettselskapa er underlagt dei same strenge reglane som bankane når det gjeld personvern og datatryggleik.

All informasjon som vert sendt er krypert med unike krypteringsnøklar. Ingen utanforståande har tilgang til dataene, utan at kunden sjølv gjev fullmakt til det. Datatilsynet har sjølv medverka til tryggleiksveiledaren for dei nye målarane.

Straumselskapa brukar informasjonen til å gje kunden nøyaktig faktura, og til drift og vedlikehald av straumnettet.

Informasjon frå dei nye målarane seier ikkje noko om kva type apparat straumen er brukt til, kun mengda som er brukt. Straumselskapa har verken lov eller teknologi til å registrera forbruk på eit slikt detaljnivå at det fortel kva straumen vert brukt til.