Du kan stola på den nye straummålaren

Du kan vera trygg på at informasjonen om straumforbruket ditt ikkje vert misbrukt

I den siste tida har media skrive om montering av automatiske straummålarar i Noreg, og Datatilsynet åtvarar mot at dei nye målarane kan registrera informasjon som kan gje andre innsyn i privatlivet ditt. Nettselskapa er underlagt dei same strenge reglane som bankane når det gjeld personvern og datatryggleik.

All informasjon som vert sendt er krypert med unike krypteringsnøklar. Ingen utanforståande har tilgang til dataene, utan at kunden sjølv gjev fullmakt til det. Datatilsynet har sjølv medverka til tryggleiksveiledaren for dei nye målarane.

Straumselskapa brukar informasjonen til å gje kunden nøyaktig faktura, og til drift og vedlikehald av straumnettet.

Informasjon frå dei nye målarane seier ikkje noko om kva type apparat straumen er brukt til, kun mengda som er brukt. Straumselskapa har verken lov eller teknologi til å registrera forbruk på eit slikt detaljnivå at det fortel kva straumen vert brukt til.

Morgondagens Straummålar

Innan 2019 skal du få installert ny straummålar

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har vedteke at det skal innførast automatiske straummålarar i Noreg innan 1. januar 2019. Alle nettkundar, bustadar, fritidshus/hytter, verksemder og offentlige institusjonar i Norge får nye automatiske straummålarar innan denne datoen. Dei nye målarane registrerer straumforbruket ditt kvar time og sender informasjonen automatisk til nettselskapet.

Meir informasjon frå NVE.

Fordelar med den nye straummålaren:

Det vert enklare for deg - du slepp å lesa av straummålaren

Det er tryggare for deg, nettselskapet får betre informasjon ved straumbrot og kan retta feilen raskare

Du får betre og meir detaljert oversikt over straumforbruket ditt

Målaren kan om ynskelig koblast opp mot energistyringssystem. Du vel sjølv leverandør av denne typen utstyr. 

Raskare feilretting

No må du som kunde sjølv melde frå om feil i straumnettet. Når dei nye målarne er på plass, vil du sleppa å gjera dette – då sier målarne sjølv frå. Dette gjer at me kan retta feila vesentleg raskare enn før.

Slik som det er i dag, bruker montørane tid på å lokalisera kvar feilen er. Kombinert med målingar som vert henta frå nettstasjonane, vil montørane kunne komma raskare ut for å rette feil.

Slutt på stipulering

Informasjonen Kvam Kraftverk får inn frå målarane, skal brukast til å gi kundane ein nøyaktig straumrekning kvar gong for den aktuelle perioden. Det vert ikkje naudsynt å stipulera forbruket meir. Dette betyr at kundane får rett straumrekning heile tida, og slepp ubehagelege overraskingar.